fredag, mars 31, 2006


Det er fredag og helg, eg er aleine. Mannen è på "personalmøte" på peppes. Eg kan gjere akkurat det eg vil og ingen klaga over valga eg tek, t.d. ved valg av tv- kanal. Eg kan ete akkurat det eg vil og kan strekke beina strakt ut i tresetaren vår.

På ein måte er det ganske deilig, men på ein annan måte litt trist.
Skulle gjerne skravle sjit over ei flaske vin eller sitte med lattekrampa langt oppi halsen over ein øl, men den gang ei. Fleir bur så altfor langt vekke, nåken er på veg til Oslo, mens andre får besøk, er på samlingar eller på temafest. Men men, eg gjer det beste ut av det, og må sei eg kosar meg masse òg. Kosar meg med Nytt på Nytt og no Først og sist. Han har besøk av ho dama i VG reklamen, og ja Monica, ho minna litt om deg:) Mykje på hjerte ho òg.

Det beste er at eg kan sitte å nyte ei skål med smågodt, som raskt kom på bordet. Slepp å sloss for kvar bit og irritere meg over hamsterkjakane til Mannen. Hadde egentlig tenkt å unne meg litt Coca Cola også, men føler det blir litt for mykje av det gode, så eg sit her med vasskanna mi. Det er nåke med det, kan ete alt mulig usunne greier berre eg drikk vatn. Vatnet rensar liksom gangane og skyller vekk eller "fanga" alt det usunne, slik at det ikkje går vidare i kroppen. Hmmm ja, Christian?! Kanskje du vil ta ei psykologisk utgreiing på meg?? Vart litt bekymra her, snakk om å lure seg sjølv trill rundt!! Eg har det faktisk sånn med gulrot, kålrot og rå potet (derav navnet KottiPotti, takk Edin, og eller Monica som sladdra) òg. Et eg det skrapar det vekk belegget som har lagt seg på tennene, tunga og vidare ned i kroppen (sjukt). Brus er verre å gjere nåke med, det er jo rennande og går rett i blodet, og det er ikkje bra. Hallo Christian! Er eg gal? Kjenne eg må skrelle ei gulrot no...

Har forresten blitt lurt ein del gangar i livet. Den største skrøna eg nåken gang har trudd på , som eg aldri kjem til å komme over, skjedde når eg var lita. Mamma og pappa gjekk av og til rundt å tygde på nåke. Eg spurte "Ka et de?", og eg fekk til svar "Vi tygg berre på tunga". Det er ikkje ille i seg sjølv å sei det, det som er ille er at eg faktisk trudde på det. Eg trudde ikkje berre litt på det, eg trudde heilt og holdent på det. Eg tore ikkje nevne kortid det gjekk opp for meg at eg faktisk var blitt lurt. Eg som gjekk og venta i alle år på at det skulle bli godt å tygge på tunga, nåke det jo aldri blei. Tenk alt snopet eg har gått glipp av! Eg krev det eg har til gode...NO!!

P.S. Creepy! Eg googla nettopp på smågodt (ja, ikkje spør koffor). Gjekk litt hit og litt dit, plutselig var eg på ei bloggside til ei som heite Renate. Ho skreiv om salg på smågodt på OBS og at alle gjekk amokk, eg tenkte eg kunne gå inn å reklamere litt for fastprisen på smågodt hos Europris, som er 5.99 kr. Men etter å ha lese kommentarane satt eg berre med haka på knerne, der vart Balestrand nevt. Eg skjønte jo ingenting, Balestrand i ein tilfeldig blogg om smågodt. Poenget var jo at det ikkje var Obs i Balestrand og at denne jenta, Anne som ho heite ikkje fekk tak i so billigt smågodt. Stakkar, dette problemet kan eg ikkje sei eg kjenner til..:/ Eg, nyskjerrig som eg er, måtte jo gå inn på Anne si side. Det viste seg jo fort at ho ikkje var ein sambygding, men ein sygnaghettogangar. (dei kjenner eg meg ikkje i slekt med) Der var sjølvsagt ein kampanje mot brenning-av-bilelen-Otto, svært engasjerte der ja, ringing til tv 2 for å få det stoppa. Der var eindel bibelord og bilder av kors og slikt. Det artige var jo at det var bilder av ho, eller vennane med Balestrandsvegar, Balestrandshus, Vindreken og kjende og kjære ting i bakgrunnen. Det var litt kjekt. Det som skremte meg litt og er creepy er jo at tilfeldigheitane gjorde sitt til at eg enda der, på den sida. Er det eit tegn? Håpar ikkje det. Då fryktar eg for kva tegnet vil sei meg!?! Cree reee reeeeeeeepy..

onsdag, mars 29, 2006


Sorry alle blonde og min for tida ultrablonde søster som er innom denne bloggen, men eg synst berre dette bildet er så fantastisk morsomt..hehehe, eg ler litt eg. Skal love å gjere det godt igjen seinare!
Eg velger å ikkje sei nåke om dette, vil meine at bildet talar for seg sjølv.

tirsdag, mars 28, 2006

Altså, kor godt skal egentlig ungane beskyttast no i desse dagar, manglar jo berre hjelm?

Eller handlar dette berre om latmannskap? Foreldre som ikkje gidd å ta med krabbeteppe, så syr dei det heller rett på kleda til det stakkars barnet.

Eller så kunne denne lille krabaten komt godt ut som påskekylling..
Vart rett og slett litt i stuss av denne difuse drakten..Men det er sikkert ein god idè.

mandag, mars 27, 2006

Kristine, eg glømte jo å takke deg for den fine gaven eg fekk av deg. Den søte, lyse, sommerminnetoppen. Du è så snill, kjøpe gavar til alle.

Og så må eg takke det så utruleg masse for hårklippen. Eg føle meg alltid ti ganga bedre etter eg har vore med deg, som ny:) Du è vår egen frisør og stylist. Hadde vi berre kunne kopiere deg opp og krympe deg slik at du fekk plass i veskene våre. Men heldigvis går ikkje det, for vi vil jo ikkje dele deg med heile verda. Vi vil jo egentlig berre ha deg for oss sjølv. Om eg blir rik ein dag, får eg lov til å ansette deg på fulltid då?

Kjem snart til Tromsø, for å få ein klipp, menn aller mest for å vere med deg og sjå korleis du og din kjære bur. Det è jo rart å ikkje kjenne den delen av livet ditt..









Fin helg! Fine jenter, gode jenter, artige jenter, søte jenter, panneluggjenter, to brune jenter og ei blondine, matglade jenter, jenter som ikkje kan ete smågodt uten å skjære bitane i to, jenter som et ostepopp med gaffel, jenter som drikk og drikk, jenter som ler masse, jenter som har det fantastisk ilag, jenter som kosar seg med felles sminking i ein spegel med dårlig lys, jenter som prøver masse klèr og som skiftar ofte, jenter som fjaser, jenter som snakkar om rare ting, jenter ein kan stole på, jenter som ikkje kan slutte å snakke når dei skal legge seg og ringer til dei i naborommet, jenter som drit i det som blir sagt om å gifte seg og få barn- at livet tek slutt, jenter som likar å drømme om ei fantastisk framtid- med karandre og med menn og barn, jenter som riggar seg til for å sove i ein toseter når vi er ute, jenter som likar vin, jenter som likar øl, jenter som likar vatn, jenter som tek syrtec (jenter som ikkje veit korleis det skrives), jenter som fniser, jenter som er misstenkeleg fnisestille på badet- jenter som klipper pannelugg i fylla, jenter som tek på seg eit tonn lipgloss, jenter som er spreidd rundtom i landet, jenter som burde vore samla i Bergen slik at vi kunne ha ei slik fin samling kvar helg, jenter eg ikkje veit kva eg skulle ha gjort utan, jenter eg plutselig har ein haug med bilder av- ca 180, jenter med humor, jenter, jenter med humør, jenter som ikkje kan bestemme seg for kva sko som è lure, jenter som snakkar om ting ein ikkje er fornøgm med hos seg sjølv, jenter som treng hjelp til å sette inn øyredobbar-"har eg fortsatt hål der?", jenter som berre lar Kristine klippe håret sitt, jenter det er hårspor etter i heile huset, jenter som passar på å dokumentere heile kvelden, jenter som lagar fantastisk mat, jente meg fantastisk mor og bror- som åpnar huset for oss galne jenter, jenter som knuser rougen sin, jenter som har røykepause i tøfflar og tjukkelabbar i joggesko, jenter som stylar, jenter som plystrar, jenter som alltid vil vere der for kvarandre- uansett kvar i verda ein skal finne på å reise, jenter som alltid fjerner sminke og pussar tenner før dei tisselaller, jenter eg er veldig glad i, og jenter eg savnar veldig no! Jenter som snart må reise til Tromsø for å klippe håret sitt att..Gler meg til vi alle er samla igjen Superjenter!

torsdag, mars 23, 2006


Sånn skal det gjerast. Eg har kasta alle mine speglar ut vindauget fra fjerde etage. Så no føler eg meg vel. Utfordrar alle andre til å gjere det same, då blir det ein god verden å leve i. Tenkte eg skulle få alle butikkar og offentlege rom til å fjerne alle speglar. Det første eg skal gjere på jobb etterpå è..ja, heilt rett, skal kaste speglane..JOHOO!

onsdag, mars 22, 2006

Knekker Deg Til Sist
Album: Maestro
Tekst av: Ottesen

Hei der. Ser du kem som står her
Ser du kem som nå ler
Prøv og gjett én gong og om
mitt smil ringer nogen bjeller
Det er slutt på hellet
når du hører Fanden teller ner
De knekker deg
Du kan høre det rister
Du kan høre det brister
Ditt lokomotiv er passert
Ingen her er kurert
Alt går mot en ende
og til slutt får du en brist
De knekker deg til sist
Og ditt motiv er fallert
Din intensjon er parkert
Kem er det nå som får en brist
Bom di di bom di di
Me knekker deg til sist
Bli med en siste tur i hagen
Dette her er dagen
Trekk en kanin opp av hatten
og legg ner dine blomster
Og ro i land, for denne steinen bærer ditt navn
De knekker deg
Du kan høre det rister
Du kan høre det brister

mandag, mars 20, 2006

De to smukke jenter. Ingvill, eg hadde ikkje samvittigheit til å legge ut det bildet av deg, du veit:) Eg vart plutselig redd for at du aldri ville sjå på meg med anna enn ein ondt blikk resten av livet, og det ville eg ikkje risikere. Det ligg godt forvart på dataen:) No ler ho Jeanette godt, tenkje eg. Kankje du Jeanette tore å legge det ut?:/

Jippi, Adil vant!! All ære til han, berre dumt eg ikkje kjenne han- då skulle eg ha besøkt han i New York. Eg kom jo på at eg vil bu i New York. Nåken so è med? Og så kan vi ta ein simulator i Empire state building, som tek oss med på ein rundtur byen, både på land og under vann. Det er det dummaste og mest latterkrampeaktige eg nåken gang har gjort. Holdt på å dette ut av "sikkerhetsselen". Så, kem takkar nei til det??

søndag, mars 19, 2006

Det è søndag og eg får ikkje legge ut bilder:( Trur dataen har fått influensa. Her skjer rare ting.

Oppsummering av denne veka: Jobb, jobb, jobb og jobb, så besøkte eg Astrid. Eg ana ikkje kor lenge det è sidan eg såg ho sist, men det è lenge. No har Astrid og vennen hennar, Roar fått seg eit lite, raudt, søtt hus i Hylkje med blå garage. Der trivst dei godt. Dei har fortsatt Ruffen. Ruffen er Ruffen og har fått veldig lang og kraftig pels. Astrid har blitt mamma til ei søt lita jente, som det kan sjå ut som om Cecilie è mor til:) Det var kjekt å møte ho att og ikkje minst å møte dette lille knøttet, som sov så fint på armen min. Alt var som før og det vart inga pinlig tausheit. Skal skjerpe meg, det skal ikkje gå år til neste gang. No veit eg jo kor ho bur, to bussstopp forbi fengselet..

lørdag, mars 18, 2006

Endelig fann eg den. Cd`en med bilder fra Sverresborg grenden og båttur i Balestrand, med sjølvaste Vindreken. Cd`en som Christian var så snill å gje meg eingong:)

Planen var jo å finne eitt spesiellt bilde, der Trine sit og drikk av vår felles tønnedrink og fingeren går i ein finurlig vinkel. Men den gang ei, kankje har eg drømt det. Skulle jo mobbe litt her på bloggen, og så skulle eg øve på å klare å lage ein sånn finger, samtidig som eg øver på å gå i spagat. Jaja, er det Christian som har det bildet kanskje??

Men fann i allefall cd`en og her kjem det eindel minneverdige bilder...

Her è jo Trine og meg, vi ser ganske små og uskuldige ut. Sjå, vi har aldri gjort nåke gale!! Dette var det året vi møttes for første gang og etter det har vi berre drukke fra same drink..Hugsa du oppskrifta på drinken (på ein liter) Trine? Vi tok vel kanskje berre det vi fant av restar fra tidligare festar og mixa det til litt:)










Jeanette og Elin var jo også på besøk, festejentene. Ser ikkje ut som om dei har det særleg arti, men dei tok nok av til slutt. Jeanette, kva er det du prøve å skru på i taket? Kan ikkje hugse at vi hadde fjernsyn eller stereo så høgt oppe..Men om det er GP du vil skru av, så skkjønna eg. Kanskje det er derfor de ser så triste ut. Christian! GP høyrer ikkje til på vorspiel!






Her er Monica òg, krøllejenta- Men pass på! Krøllane è berre eit skalkeskjul, ulv i fåreklè ditta:) Bak desse krøllane befinn det seg ei energisk dame som står på for det ho brenn for. Du è ei flink ståpåjente og è ein kløpper på middagslaging. Eg blir meir og mer imponert av deg for kvar dag som går! Come on, save the world!

Her har har vi festgjengen, vi ser veldig livlige ut, må eg sei. Fra venstre: litt av Astrid, men, Monica, Lena fra Førde, Elin, Jeanette, Kristine og Trine, alle andre sit bakom kameraet. Ca, tjue stykk:) Kunne jo ikkje få plass til ALLE dei i eitt bilde..

Her har vi jo fotografen sjølv, Christian. Eg kan ikkje beskrive kor glad eg er for alt du har dokumentert opp gjennom tidene:) Det er jo litt morro òg då, og sjå kor festlige vi var i gamledagar, før vi lærde oss å feste. Du må få stumpen din nedatt fra Trondheim og dokumentere meir. Særleg dansinga vår, det è so kjekt å sjå på:)


Ingvill og meg på båttur på sognefjorden, Bjørn i bakgrunnen. Denne dagen lærde vi at det IKKJE er lurt å gå på do i båtar. Vi måtte veldig tisse og kunne ikkje, som gutane, tisse rett i sjøen. Vi var dumme, vi brukte eit toalett. Aldri meir! Det gjekk ikkje an å skylle det nedatt. Veldig hyggelig på så få areal og vite at tisset ligg innpå kottet, rett unde oss. Tru oss, vi prøvde så godt vi kunne, det gjorde Lars Jonas og Christian og gudane veit ken fleir òg :/ Følte oss lite komfortabel med det..


Her è Tannvill. Slik er ho, veldig søt, uskuldig og snill, men so skjer det nåke- Ho blir ei ape. Eller så slår ho hovudet i doskåle og spelar ein halvtime at ho ikkje veit kem ho eller eg er. Ho kan finne på å servere deg sveitt grandiosa. Og bli ikkje sjokkert om Ingvill legg seg ned på golvet og blir ein vrælande unge. Ingvill har eit gummifjes og slik kan ein vel forklare personligheiten hennar også. Kan finne på det meste. Men det er jo derfor vi lika ho så godt. Jaffal av og til:)

onsdag, mars 15, 2006

Eg hadde eingang ein hamster. Det har eg ikkje meir. Det vil eg aldri ha igjen. Eg har mareritt om hamster, dei er som små overintelligente kryp, som tek over i menneskeverda.

Vi budde i Høyanger, Mannen min og eg. Vi (eller helst eg) ville kjøpe oss eit dyr. Hamster tenkte vi, tek liten plass og så er dei jo søøøte. Turen gjekk til Bergen og vi gjekk rundt og kikka og kikka. På galleriet studerte vi alle nøye, måtte jo velge den rette hamsteren. Og sidan eg har eitt oppheng i store dyr, sjølv om det var ein liiiten hamster vi skulle kjøpe, måtte jo eg sjølvsagt ha den største hamsteren. Vi reiste heim igjen godt fornøgde med ein hamster i boks. Vel heime ordna eg til buret med sagspon, bommull og alt so skal til, putta hamsteren inni og alt var såre vel. Hamsteren var berre sooo søt!

Dagane gjekk, Mannen gjekk på jobb og eg på skule. Ingenting unormalt. Men så ein dag når eg kom heim fra skule merka eg at nåke hadde skjedd. Synst eg høyrde rare lydar, litt sånn ultrastrålelyd. Lyden var så tynn og høg at eg nesten ikkje høyrde den. Eg skjønte ingenting. Gjekk bort til buret for å sjå om alt var bra, kanskje var hamsteren var blitt sjuk?! Eg såg inn, og der var blod og gørr i bommullen, HJELP, har hamsteren drept seg sjølv?? Men med litt nerare studie ser eg pluttselig at det ynglar av små hudklompar. Det gjekk ei kald iling nedetter ryggen min. Tankane svirra, feit hamster, kor korttenkt kan ein bli? Dette måtte jo butikkdama vite. Ho skal jo liksom kunne sånt. Eg fekk rett og slett hetta, ringte Mannen og sa det hadde skjedd nåke forferdelig og at eg skulle møte han i sentrum. Eg måtte ut. (Han hadde jo venta seg det verste, som at nåken var alvorlig sjuk eller døde. So ditta tok han jo ganske bra:))


Tok ein telefon til dyrebutikken og dei sa at dette skulle gå heilt fint, eg var jo så redd for at ho skulle ete dei opp i redsel. Men heldigvis gjorde ho ikkje det. Eg turde nesten ikkje å renske buret, då måtte eg jo ta i desse ekkle små vesena. Usj. Ting gjekk ettarkvart ganske bra, (ser ein bort fra den lille eg fann på golvet med skada fot. Hamstermora kvitta seg med dei svake. Kva skulle eg gjere? La han innatt i buret, såg han aldri meir igjen) dei fekk pels og vart ganske søte. Men tingen var jo det at eg var litt småskeptisk til å ta i dei, så dei var jo ganske ville..Mor var litt tam, men trur egentlig eg var litt redd for ho òg, ho kunne jo bite. Pleide å sette ho ned på golvet av og til, men det enda med at ho gjekk inn i veggen mellom kjøkkenet og soverommet. Vi vart liggande heile natta og høyre på at ho gnog inni veggen. Skommelt! Ein gang la eg jakka mi framfor holet, resultatet vart ei oppeten lomme. Ditta dyret gjorde som det ville.

Men tilbake til yngelet. Dei voks opp og vart veldig søte dei òg, Arin fekk ein lodden liten klump. Den vart veldig tam og veldig god. Eg ville ha den eine sjølv, ei svart rotte. Resten fekk eg solgt til ein dverg i Høyanger. Det tok sjølvsagt ei tid før eg fekk kjøpt eit nytt bur til denne svarte lille hamsteren. Det var ein han, og ja, ÆSJ, det vart ungar! *FRYSNING* Uff, den dårlige samvittigheita ligg i meg som ein klump. Ungane voks opp desse òg. Men det ekkle med dei var at dei gjorde ting som ingen i det forrige kullet hadde gjort. Vi kom heim fra fest ein kveld og nede i gangen vart vi møtt av fire små hamsterar????? ??? Komt seg ut av buret og ned ei trapp??

Vi var fulle og galne og prøvde å samle alle krapyla. Det gjekk med ein unge, han hoppa ut av ein isboks vi hadde fanga han i. Vart vel eten den òg tenkje eg. Dette skjedde gang på gang, dei kom seg rett og slett ut av buret. Klatra heilt i toppen, litt større opning mellom sprinklane der, og pressa seg ut- Alle sammen! Koffor kom dei på det når ingen av dei andre gjorde det? Eg fekk fnatt. Overintelligente innavla hamsterungar?! Var dei komt for å ta over heimen min? Eg hadde mareritt kvar natt, mens eg låg og høyrde på dei inne i veggen.

Nei, nok var nok. Eg fann ei stor pappeske, satte buret oppi og satt heile driten inn på ein rom vi ikkje brukte. Der stod dei. Dei fekk mat kvar dag, men ikkje nåke meir. Eg var rett og slett dritredd dei. Hadde mange tankar og idear om kva dei var i stand til. Eg måtte få dei ut, klarte ikkje meir. Fekk pappa til å reise til dvergen med hamsterungane, torde ikkje gå sjølv. Herregud, dei skulle jo sikkert ha blitt avliva..Den svarte hamsteren prakka eg på min bror Markus. Han var ikkje særleg villig, men gjekk med på det. Trur ikkje den hamsteren hadde det særleg godt, ikkje på grunn av dårleg stell, men var nok manisk deppresiv stakkar.

Då var det berre mammahamsteren att. Ho levde det gode liv, hadde fest i veggen og fekk litt kos, før ho døde stille og rolig inne i hamsterhuset sitt. Kanskje åt ho for mykje veggisolasjon.

Moralen i denna historia må vere å aldri kjøpe seg hamster. Eg høyrest ut som ein hardbarka dyreplager. Det er eg ikkje, fekk berre panikk av dei. Eg har fortsatt mareritt om små gnagarar som kjem i uante mengder og tek over. Dei er søte å sjå på, men ikkje stort meir. Kjøp heller eit bilete av ein hamster og kos deg med det. Det kan ikkje få ungar. Gnagarar er i allefall ikkje nåke for meg, nei eg skal ha hond!

tirsdag, mars 14, 2006

No hasta eg snart ut døra, bussa og jobba som ein helt, då blir eg jo fortare ferdig. Det same gjer eg i måro og dagen etter det. Seinvakte è so mykje seigare enn tidligvakte. Når ein står opp tidleg får ein ikkje tid til å tenke "Uff, no skal eg jobbe...argh". Då è ein plutseleg på jobb og plutseleg ferdig. Mens seinvaktene tek jo heile dagen. Står opp, sit ei stund og tenke at eg ikkje vil jobbe, VIL IKKJE. Ser litt Tv og les bloggar berre for å føle at eg har gjort LITT kjekt dinna dagen. Så è det jobb og heime igjen litt over ni. Får nåken tima med Mannen min og så è det leggetid igjen. HÆ?! È dagen ferdig, jammen eg har jo ikkje gjort nåke..Uff, jaja, det blir jo peng. Men den gleda får ein jo berre ein gang i månaden.

Det slo meg plutselig...EG È BLITT VAKSEN!! NEI! Eg vil ikkje vere vaksen, ikkje SO vaksen. Vil ikkje MÅTTE jobbe, vil berre har fri og gjere kjekke ting. È det nåken so kan sette inn ein slump med pengar kvar månad, slik at eg kan leve livet mitt akkurat slik eg vil? Då kan eg berre nyyyte all tida mi og få masse energi. Eller? Kor lenge hadde det vore kjekt? Alle andre jobba jo, eller går på skule. Då hadde eg jo blitt heilt aleine. Kor mykje får eg egentlig utført dei dagane eg har fri? Kor mange timar sit eg framfor TV`en og utset å gå i dusjen? Eg har jo ingen grunn til å dusje, skal jo ikkje møten nåken. Heilt til eg ikkje held ut mi eiga kroppslukt og går inn i dusjen ute å mukke. Så kjem jo Mannen snart heim, då kan eg ikkje sitte å stinke, han vil jo tru at eg ikkje har gjort nåke heile dagen:/ Nei, ting blir vel bedre av å komme seg litt ut og tjene til livets opphold. Føler seg ikkje så ubrukelig då..Så då får eg heller lære meg å like seinvaktene. Jippijey.

P.S. Filmen i går var veldig fin billedmessing. I starten veldig fengande med sangen. Ellers er eg litt usikker på innhaldet, det er litt diffust for meg, sidan eg berre satt og såg på dei fine scenene.

søndag, mars 12, 2006


Og so va da søndag atte. Vore med svigermor på visning og fått middag. No è det latetid framfor tv`en og ete masse usunn og god mat. Helga har vore kort og gått ekstra fort. Har faktisk berre vore helg i dag når eg tenke meg om. I måro er det jobb igjen og mange snille og gode kundar..'øhøm'. Men om eg spring masse og durar på, så går dagen i duracellfart. Etter ein slitsom arbeidsdag skal Mannen min og eg gå på kino, ja, de las rett. Vi treigingane skal faktisk ut av kottet og ut på kino. Måtte bestille billettar på nettet i dag, berre slik at vi ikkje kan ombestemme oss i måro..hah, der tok vi rotta på oss sjølv gitt! Gledar meg, lenge sidan eg har gått på kino. Vi skal sjå Gymnaslærer Pedersen, den è jo ganske omstridt og har fått mange ulike prikkar på terningen, so no skal eg ein gong for alle finne ut om filmen er bra eller dårlig. Basta. Men eg kan jo liksom ikkje tru at Kristoffer Joner og Ane Dahl Torp kan bli nåken fjasko, so det blir nok bra... Jejeje, no må eg konsentrere meg om å ete bamsemums, elle so forsvinne dei rett ned i mannemunnen so sit her ved sida av meg. Her skal det krigast!

torsdag, mars 09, 2006

Takk for ein koselig og artig kveld i går! Det blir jammen tomt uten deg her i Bergen Trine. Vi må nok trøste oss med din fantastiske morosome (det ER korrekt, det heiter morosom eller morrosom om ekstra morosomt) blogg. Og eg kan ikkje sette ord for kor glad eg er for at du har ei skattekiste, ei heilt eigen, der vi fortsatt kan følgje med i livet ditt. Då kjenst det som om du er ganske nær likevel.

Du må jo komme tilbake å gå ut på Metro, no som eg er begynt å gå der lissom. Tenk at eg har vore der TO gongar på EI veke. Og tenk at eg faktisk synest det er ganske OK. Om ein ser vekk fra den irriterande, sjølvopphøgde krøllejenta, som har den viktige jobben å passe på våre jakker, vesker, hanskar og div., er det ein finfin plass. Dette hadde du ALDRI trudd eg skulle inrømme og i alle fall ikkje her, i all offentlegheit. Jaja, no er det ute. Alle veit det. Eg er kanskje blitt litt Meterofil eg òg. Kan hende eg må redigere dette seinare:) Vil uderstreke at nesten alle paljettjenter er vekk, dei har heldigvis funne seg ein ny plass. Og det synest eg er kjekt , at vi normale, kule og morrosome jenter kan overta plassen og blåse vekk glitterstøvet i sofaen (som av og til er litt FOR god). Men eg veit ikkje om det blir det same å gå der uten deg Trine. Så du har berre å komme tilbake til Bergen sånn av og til og følgje meg inn..

onsdag, mars 08, 2006

over the rainbow

somewhere over the rainbow way up hight
here's a land that i heard of once in a lullaby
somewhere over the rainbow skies are blue
and the dreams that you dare to dream really do come true
one day i'll wish upon a star
and wake up where the clouds are far behind me
where troubles melt like lemon drops
away above the chimney tops
that's where you'll find me
somewhere over the rainbow bluebirds flybirds fly
over the rainbow
why oh why can't i
where troubles melt like lemon drops
away above the chimney tops
that's where you'll find me
somewhere over the rainbow bluebirds flybirds fly
over the rainbow
why then oh why can't i
Tori Amos


Eg skjønne ikkje koffor eg når eg har fri ikkje kan klare å stå opp litt tidlig. Til og med når eg blir vekt av ei melding, so tenke eg; "Åh, det va bra, no kan eg stå opp". Men ka skjer? Eg våkna opp ein halv time eller ein time seinare. Og sånn fortset det, klare berre ikkje å ta meg sammen og stå opp, det è rett og slett altfor tungt for meg. Eg søkjer eit femtegear! Treng eit ekstra spesialgear til å komme meg opp av den varme, gode senga mi. Eg har så mange plana og dei surra i hovudet på meg, slik at eg bruka opp energien min på det. Og så blir det plutselig for mykje og då berre gir eg opp. Orka ikkje lenger å starte på nåke, så blir eg berre liggande i transe. Kan jo ikkje nyte det å sove lenge heller, blir like frustrest kvar gong av at eg har sove for lenge. Kan visst aldri vinne. No tenke vel alle at eg kan jo berre skru på alarmen, men akksann, så enkelt er det ikkje. For om eg alt har det i underbevisstheita, at eg KAN sove litt lenger, ja so skrur eg av alarmen uten at bevisstheita mi merka det..Huff.. YE, no kom Kaizers på tv..EG È GLAD IGJEN. Alle mine frustrasjona fauk rett vest...oooo aoooo ooo oooooooooo, smil, smil til det blitzregn baby...oooo oo ooooo aooooooo ooooooooooooooo ooooooooooo..Hihi, no kan eg danse resten av dagen...

tirsdag, mars 07, 2006


I dag var eg med Trine og Cecilie og såg på tatoveringar..No etter fire- fem år med planar om å ta tatovering har drømmen poppa opp att. Eg har jo nesten bestemt meg for motiv i alle desse åra, så det står jo berre på pengar og mot. Klarte å finne fram tegningane mine når eg kom heim og eg er fortsatt ganske fornøgd med valget mitt, so no må eg ordne litt på den slik den blir perfekt. Kan jo ikkje vere feil på den når Miss Perfeksjonist skal ha den på seg resten av livet.
Eg gleda meg til å sprade rundt i varme land (kor det no enn måtte bli) og vise fram den fiiine tatoveringa. Spørsmålet er jo berre kor eg skal feste den på kroppen...hmmm. Enten i nakken eller i korsryggen eller på leggen eller eller eller, trur eg må trekke. Må i alle fall ha den ein plass der eg ikkje ser den heile tida..Må sette meg ned å tenkje litt på detta no.

Trur eg skal gå for den med raud firkant rundt og fikse litt på den. Tanken er halvmåne og spiral. Spiral er jo ei form eg alltid har likt og måne er jo meg Mun. Må finne nåke eg er sikker på at eg aldri går lei. Fire- fem års tenketid skulle holde vil eg tru..

mandag, mars 06, 2006


Ok, det enda med ein rolig time med god og sunn salat (nesten litt gresk- 'drømme') og Leonard Cohen i øyregangane. Men det gjer alltid godt- og eg har faktisk ikkje dårlig samvittigheit for å ikkje ha støvsuga. Min Mann som tydelegvis støvsugde sist har altså pressa heile støvsugaren inn i eit kott som va stappa fullt fra før. Altså, eg klare å få ut sjølve støvsugaren, men skaftet står i spenn og eg FÅR den IKKJE ut! Når eg kjende irritasjonen bre seg ut i armane og i beina, tenkte eg berre "nei nei, no må eg sette meg ned". Derfor har eg altså IKKJE dårlig samvittigheit for å sitte her og nyte salaten med han Leonard si balsamstemme i lufta, som kurerer kroppen min for irritasjon. Akkjasann, dette skal eg nyyyte..

Takk takk Mr. Cohen for at du er den du er og syng slik du syng!:)
I går vart det lille GULLET vårt eitt år gammal! Tenk som tida går, eit år sidan vi var på sjukehuset og helste på miniminiguten for første gang. Det har vore veldig kjekt å bli kjent med han, må jo alltid le når han è i nærheita. Uansett dårlig eller godt humør tek han klovnerolla si svært alvorlig og må showe litt for oss som er der. Når han et kan han plutselig begynne å gøyme seg i armen sin, og vekk er han. Kor è Sebastian? Han lagar kyssemunn eller rett og slett få den aller søtaste latterkrampen.
No è det ikkje lenge til denne lille krabaten begynne å gå, får tenner og snakke slik at vi kan forstå kva han seier. Det skal jammen bli kjekt å høyre kva det egentlig er han har på hjartet, fordi han snakkar mykje og likar å fortelje kva som har skjedd i løpet av dagen..

Ellers var det deili å vere heime nokre dagar og berre slappe av. Berre eit lite fjernsyn der ein berre kan sjå på NRK1 og ingen datamaskin med internet. Utruleg deilig å sleppe å kjenne trangen til å sjekke kva som skjer. Har nåken lagt ut eit nytt innlegg? È det nåken på MSN som eg kan snakke med? Skulle sagt nåke til Ingvill, è ho der?? Og dette skjer samtidig som eg må sjekke alle kanalane på tv, berre for å sjå om det kan vere eit kjekt program eg går glipp av..HUFF, è det rart ein blir sjuk? Eg skal bli flink å skru av. Mitt nye mål for dette året er å måle , høyre på god musikk og lese masse bøker. Skriv gjerne ned forslag på gode bøker eg berre MÅ få med meg!!

No è det sol ute, så eg må vaske og rydde i ei rasande fart og så skal eg ut ein tur. Det trur eg i alle fall..eller kanskje eg har ombestemt meg til seinare. Ikkje sikkert det è sol eingong då, men men, det vil no tida vise. No MÅ eg gjere noko viktig husarbeid- nok å gjere for å sei det slik..