tirsdag, mars 14, 2006

No hasta eg snart ut døra, bussa og jobba som ein helt, då blir eg jo fortare ferdig. Det same gjer eg i måro og dagen etter det. Seinvakte è so mykje seigare enn tidligvakte. Når ein står opp tidleg får ein ikkje tid til å tenke "Uff, no skal eg jobbe...argh". Då è ein plutseleg på jobb og plutseleg ferdig. Mens seinvaktene tek jo heile dagen. Står opp, sit ei stund og tenke at eg ikkje vil jobbe, VIL IKKJE. Ser litt Tv og les bloggar berre for å føle at eg har gjort LITT kjekt dinna dagen. Så è det jobb og heime igjen litt over ni. Får nåken tima med Mannen min og så è det leggetid igjen. HÆ?! È dagen ferdig, jammen eg har jo ikkje gjort nåke..Uff, jaja, det blir jo peng. Men den gleda får ein jo berre ein gang i månaden.

Det slo meg plutselig...EG È BLITT VAKSEN!! NEI! Eg vil ikkje vere vaksen, ikkje SO vaksen. Vil ikkje MÅTTE jobbe, vil berre har fri og gjere kjekke ting. È det nåken so kan sette inn ein slump med pengar kvar månad, slik at eg kan leve livet mitt akkurat slik eg vil? Då kan eg berre nyyyte all tida mi og få masse energi. Eller? Kor lenge hadde det vore kjekt? Alle andre jobba jo, eller går på skule. Då hadde eg jo blitt heilt aleine. Kor mykje får eg egentlig utført dei dagane eg har fri? Kor mange timar sit eg framfor TV`en og utset å gå i dusjen? Eg har jo ingen grunn til å dusje, skal jo ikkje møten nåken. Heilt til eg ikkje held ut mi eiga kroppslukt og går inn i dusjen ute å mukke. Så kjem jo Mannen snart heim, då kan eg ikkje sitte å stinke, han vil jo tru at eg ikkje har gjort nåke heile dagen:/ Nei, ting blir vel bedre av å komme seg litt ut og tjene til livets opphold. Føler seg ikkje så ubrukelig då..Så då får eg heller lære meg å like seinvaktene. Jippijey.

P.S. Filmen i går var veldig fin billedmessing. I starten veldig fengande med sangen. Ellers er eg litt usikker på innhaldet, det er litt diffust for meg, sidan eg berre satt og såg på dei fine scenene.

3 kommentarer:

Trine sa...

Eg jobbe litt me å finne en rik mann no. Han kan sikkert sette inn litt penga til både meg og deg kvar månad. Bare gi meg litt tid.

Trine sa...

Litt, litt, litt. Eg må jobbe me ordforrådet mitt. Litt..

Sasi sa...

Hehe, det hadde vore kjempefint. Gleda meg til du finn rilmannen din. Skal eg hjelpe deg å leite, kan jo søke på nettet for deg..."Rik mann søkes..." hehe