I LOVE SUSHI!
"Call her moonchild, dancing in the shallows of a river, lovely moonchild, dreaming in the shadow of the willow."
mandag, februar 21, 2011
søndag, februar 13, 2011
Når mannen står opp etter ei lang natt i 30-årsdag, berre for å gi sin kjære morsdagspresang, og faktisk huskar at det er morsdag i dag, då føler ein seg verdsatt. Det skal ikkje so mykje til, ein vil berre bli huska og kjenne at ein blir satt pris på sånn av og til. Da gjer det plutselig ingenting at mor også var på fest i natt, dog ufrivillig- eg skal banke den naboen! Det også heilt greit å ta med seg ungane i åpen hall og rase fra seg litt, sånn at far kan sove i ro og fred, UTAN ei sur mine. Eg skriv det igjen; Det skal ikkje so mykje til.
HAPPY MOTHERSDAY!
onsdag, februar 09, 2011
Tobiasguten sit med blanke auge og raude kjakar i sofaen, med dyna rundt seg. Tuva styrer på, babler og klatrer på stolen, ho flyttar på bordet og plagar broren som er sjuk. Eg sit her på dataen og tenker at det snart er leggetid, og at Tobias må få noko for hosten. Først må eg rydde kjøkkenet, sette på vannkokaren for å lage kvelds til Tuva. Tobias skal sikkert ha smoothie. Har mest lyst til å strikke litt, eller lese litt pensum, men må tømme kattedoen, gi katten mat, pusse tennene på ungane, skifte bleie, vaske dei, lese, synge, alt det der. Må berre sitte her litt før det startar, berre litt må eg sitte her og observere, eg må nyte at Tuva har teke seg ein liten pause fra bablinga, og at Tobias er såpass dårlig at han ikkje maser om alt og ingenting.....DER må eg røyre meg, kveldsrushet er igang!
søndag, februar 06, 2011
Min kjære vetle gut har hatt bursdag, og eg har ikkje klart å oppdatere bloggen på dette. Her må det skjerpings til.
1. februar blei Tobias 4 år! Eg føler eg gjentar meg sjølv heile tida, men fy søren som tida går. Eg hugsar det som om det var i går, då vi sat med den nydelige lille fuglen i armane. Vi lurte på kven han var- han lurte nok veldig på kven vi var, og no veit vi, no kjennest det som om han alltid har vore her. Sjefen, som kan fortelle oss foreldre at vi berre trur vi bestemme vi. Tobiasen vår er ein god liten gut, som trur han skal bli vaksen i morgon. Vi elskar han, og gler oss til alt han skal vise oss det neste året. Gratulerer med vel ovrstått bursdag, lille venn! ♥
Abonner på:
Innlegg (Atom)