"Call her moonchild, dancing in the shallows of a river, lovely moonchild, dreaming in the shadow of the willow."
mandag, juni 27, 2011
No har vi hatt ei veke sommarferie, eg og ungane, mens pappaen har stått i siloen heime på garden. Planen var at vi skulle joine han der, men vi kom oss aldri opp og vekk fra perla Kvamsøy. I ei veke var vi og min bror Isak med familie der, og vi koste oss skikkelig. Vi fekk til og med nokre deilige sommardagar, der ungane sprang nakne og vi kunne sole dei bleike vinterkroppane våre litt. Kvamsøy er som medisin for kropp og sjel!
fredag, juni 17, 2011
lørdag, juni 11, 2011
Siste eksamen nermar seg for i år, den nermar seg litt vel fort for min del, særleg sidan eg har lagt sjuk dei to siste dagane. No er det helg og eg ser for meg at det blir lite lesing, joda eg skal nok prøve, eg må prøve å få lest i helga. Blir mest sannsynleg med på lasset inn til svigerfar i sogn for så å plassere meg på loftet, aleine, med alle dei døde flogene, som livnar til når det blir varmt i rommet. Grøss. Men ja, lese må eg, det er jo trass alt muntelig eg les til. Tenk så flaut å komme dit å ikkje kunne svare! Det er det eg ser for meg, for eg er ikkje særleg flink til å formulere meg og til å finne fram dei vanskelege, riktige orda. Alt skal drøftes, defineres og forklares...
..det gode er at etter onsdag så har eg sommarferie- å glede! Det er nesten sånn at eg gler meg sånn at eg ikkje får gjort anna.
NEI, sparke meg sjølv bak- LES!
Abonner på:
Innlegg (Atom)