mandag, februar 27, 2006


Februar er på hell og to månadar har gått av dette året- Dette året som eg skulle starte med å vere flink til å jobbe med skulesøknad.

Kor mykje har eg gjort? IKKJE MYKJE! Eg skulle kjøpe maling i forrige veke, men vart sjuk og hadde derfor ikkje fått gjort nåke med malinga uansett. Eg hadde vore i gang, men det er eg ikkje, det nernar seg 15. april og eg er ikkje i gang. EG BLIR STRESSA!
Så ufatteleg mykje eg skal gjere, får grøssninga av å tenkje på det. Eg skulle jo egentlig ha jobba med biletene 24 tima i døgeret, den siste veka har eg hatt gyldig fråver. Men ellers når eg jobba må eg berre skjerpe meg dei dagane eg har "fri". Eg har jo ikkje fri, eg jobba tre daga i veka FORDI eg skal jobbe med søknad ellers i veka. Så då må eg gjere det. Først skaffe meg masse maling, så male kvar gong eg trur eg skal sette meg framfor fjernsynet. Det è dumt å tru, NOT ANYMORE! Fra no av blir det berre jobb..maling..kroki..jobb..maling..kroki..ta bilete. Og sånn går no dagane her heime, eller dei skal gå sånn fra no av. FOKUS fokus fokus..

søndag, februar 26, 2006


Når ein har vore sjuk i nesten ei veke då è det mykje so flyt ut. Ein ligg for eksempel etter på matfrontet, ikkje mykje so går ned og heller ikkje lett å få tak i ny mat, sidan ein brukar det lille ein har av energi til å komme seg på do av og til. Men då è det veldig godt å ha ei mamma som handlar og dullar. Hadde det ikkje vore for ho, hadde vi nok ikkje vore her i dag..snufs.

Andre ting so skjer elle ikkje skjer è oppvask, klesvask og diverse andre ting her i heimen. Det vetle badet vårt blir berre mindre og mindre og posa med skittentøy har begynt å bevege seg ut av badet og står no stabla rundtom i leiligheita. Det er stor rasfare, så vi beveger oss minst mogleg og må verne oss når vi MÅ ta oss ein dusj. Oppvasken har vokst ganske kraftig den òg, noko eg synest er ganske merkeleg- vi har jo nesten ikkje ete! Men men, no er oppvasken SVÆR, det è eit faktum. Og EG er den heldige som skal få lov til å ta den. No har eg kvidd meg og prøvd å psyke meg opp sidan i går, men får aldri det siste kicket..Eg tenke ofte at ' jepp, no skjer det, no skal eg ta den og bli ferdig med det! ' Og så røyse eg meg opp fra sofaen, går dei få metera ut på kjøkkenet, stoppa opp litt, ser nøye på alt so ligg der. Sekundar etter sit eg i sofaen att. Kva skjer? Kva kan eg gjere?

Eg ser også at eg burde kasta det som ein gong var ein fin blomsterbukett, har sett på den i nokre dagar no. Det ligg vel meir på golvet enn det som heng att på stilkane. Stakkars blomst- for ein uverdig død! Skal nok kaste den snart, berre ta oppvasken først..

Må vel lage litt mat òg, føle at eg må ete meg litt opp no, har jo ingen energi. Blir andpusten av å bevege meg i meir enn 30 sek rundtom i leiligheita..Men for å lage mat må eg ta oppvasken og for å ta oppvasken må eg bli ferdig å skrive..OKEI, skal ta det no. No tek eg meg saman, tek meg ein rolig tur ut på kjøkkenet, pustar rolig før eg tek HEILE driten. So kan eg lage mat, "blomstrane" tek eg ein an dag for eg è faktisk sjuk fotsatt!

torsdag, februar 23, 2006



Ville herme litt etter Toritrine og legge ut nokre sommarslege bileter, dette er gode og varme minner..
Dette vassbiletet skulle egentlig vere av ein fiskestim, men fekk berre fram ein fantastisk farge meg nokre svarte prikkar her og der..men er fornøgd med det eg. Får lyst å hoppe uti og ligge der ei gode stund! Sjå kor deili då! Heilt klart og turkist...ah, kan det bli bedre? Eg berre spør..

Trine! Eg è klar som eit klekkeferdig egg (gul eller orange plomme). Samma kor det è, berre det è varmt og godt og billig:) Om doane stinka kloakk drite eg i...hiihi
Skal ikkje vere inne, berre ligge på stranda og sleike sol...mmmmmmmmmm, det kan faktisk ikkje bli bedre enn det. Sol, varme, bading, slappe av, slappe av og slappe av..Ah..

Resten av dagen skal eg sitte å sjå på tv med solbrillene på, ja, eg må jo venne meg til det igjan. Ei stund sidan sist no. Kunne jo blitt brukt dei siste dagane, men har jo vore inne under dyna og med gardinene att, så her var det ikkje mykje bruk for dei. Men eg gleda meg, til den dagen eg set dei stolt på nasa og vandrar ut av huset- som ein diva:) Akk sann, det skal bli godt!!

onsdag, februar 22, 2006


Akkurat no føle eg at kan ha gjort detta. Trur ikkje eg har stupt i det siste. Men hjernesmertene seie nåke anna..

Eg è sjuk, sjuk og è dritlei av det! Kan eg ikkje bli frisk snart? Ikkje mykje dulling å få av Mannen min heller, sidan han også è sjuk. Uff, så synd det è i oss!! Mamma var her i sta men drue, kiwi, appelsin, saft, kjeks og blad- alt ein drøymer om når ein berre ligg der..Og så laga ho god mat til oss, så vi overleve..Takk mamma for at du tek deg av oss!:)

Kristine! Her er du jo!!:)

Vi sakna deg Kristine! Korti kjem du nedatte? Snakka med deg eit par minutt i sta, og då fekk eg klar beskjed om å komme til høyanger helga den 27. mars. Trine skal komme òg. Eg gleda meg veldig og det lyser opp min stinkande og svettande verden for tida. Hei hå, no orka eg ikkje å skrive meir, må pakke meg innatt i dyna..

tirsdag, februar 21, 2006

Ai ai ai, gleda meg slik til alle dagane der eg har fri. I dag for eksempel, hadde eg store plana. Skulle rydde og kanskje til og med vaske hus, skulle nyte det fine veret med Jeanette, møte pappa, tenke på Ingvill- so har STOOR eksamen i dag og sist men ikkje minst, eg skulle endelig starte med trening att. Men men , ingen av desse tinga ser ut til å bli gjort (joda, eg klare å tenke på Ingvill), for her ligg eg...sjuk:( Mamma seie eg har fått influensa, det lika eg ikkje. Sist eg hadde fri fekk eg ein kraftig forkjølelse. Kva skjer? Eg pleie jo aldri å vere sjuk! Kan det vere psykisk kanskje? At eg egentlig ikkje vil trene, eller at eg regelrett blir sjuk av å tenke på husarbeid. Klesvasken tek overhand i den vetle heimen vår, huff..

OH NO, kanskje eg rett og slett har blitt svensk. Jaja, dei gjer det jo bra i Ol og slikt, men eg vil jo vere norsk!! Håpe eg blir frisk igjen snart og at eg automatisk blir norsk igjen..eller so..


Jaja, ser ut til at eg får gjere det beste ut av det. Snakke med Trine og Jeanette på MSN, sjå på OL og drikke god myntete fra Marocco med honning i termokopp. Drømme om sydentur med Trine..vil du Jeanette vere med? Vi må trøste oss med slike draumar no når Trine hermar etter Kristine, tek tinga sine på ryggen og flyttar
:.(..O (tåredam)

Eg skjønar deg so ufatteleg godt Trine, tenkjer ofte at det hadde vore deilig og berre starte eit heilt nytt liv ein heilt ny plass. Men du må vite at vi her i Bergen kjem til å sakne deg nåke heilt forferdelig!! Sjølv om vi ikkje møtest kvar dag, så er det jo så godt å vite at du er her. Det blir eit stort svart hol i Bergen! Skal nok prøve å bli flink til å røyse meg opp, sette meg på eit tog, ein buss, eit fly, eller rett og slett køyre bil- slik at vi kan leike.

Eg håpe du kjem inn på ein arti skule og at du kjem til å trivest, men ikkje fòr godt- fordi du må jo komme tilbake! Skal tenkje mykje på deg og følgje deg i denne spennande framtida di!:) HEIA TRINE!
Uff, ditta blir berre verre og verre, har jo ikkje bilde av Trine på dataen min. Ditta går ikkje, skal scanne inn mange! Men valget mitt på innbyttar var såre enkelt: TORI sjølvsagt! Dette bildet er jo så gøy og så minnar det meg veldig om Trine..

søndag, februar 19, 2006


Og då var enda ei helg nær stupet. Det går so altfor fort, eg lika det ikkje!
I går var eg på middag hos Monica, ein FANTASTISK middag. So no blir alle middaga samanlikna med denne. Vi som var der; Eirin, Kristin og meg vart vel mildt sagt mållause når Monica bar inn, bar inn og bar inn mat. Veeeldig inponert. Der var forrett, pai med skinke og egg, pai men spinat og laks, kyllingwraps, horn, potetsalat, gresk salat, paella, kyllingsalat marinert i sennep, kjøttbollar og is meg fruktcoktail te dessert..har eg glømt nåke no så arrester meg! Dette var heilt fantastisk og alt var laga av Monica Sæle! Håpar på fleir middagsinvitasjonar frå deg, med det same gode selskapet!:)

Ellers har eg fått besøkt min lille prins Sebastian. Han è so god og morosam. Ein liten showmann, som è blitt so stor- so fort. No blir han snart eitt år, tenk at det har gått så fort..og då skal vi heim og feire han med maaaange ballonga, som mammaen har bestillt på nettet (fekk liiitt fleir enn ho såg for seg). Det skal bli godt å sjå han igjen, godklumpen. Sakna han allerede!!


Litt missfornøgd på dette biletet, vil helst ikkje ha kleda sine og i allefall ikkje so mykje klè...


...og så kan han prate..seie mamma, pappa, dadda, hade og litt andre ord som dukka opp her og der..Åh, han è so kramgod!

fredag, februar 17, 2006





I løpet av seks år, sånn av og på, med Mannen min har eg fått sånn ca. fem blomsterbuketta av han. Som de forstår så è eg ikkje særleg bortskjemt på det området. Men no har de skjedd noko rart, dei to siste vekene har eg fått to, ja heile TO bukettar av han. Eg svømme i blomster og è veldig glad!
Folk flest sin reaksjon på dette er; Oj, kva har han gjort?
Men eg lika å tru på min Mann, lika å tru at han har sine stunder, der han berre vil vere god med meg. Og det har han, som når eg får blomster på Valentinedagen. Det va så absolutt ein STOR overraskelse, sidan eg ikkje har fått nåke på den dagen før. Men då è det jo berre ekstra kjekt og gleda blir stoor. Tenk å vere så vant til det at ein tek det som ein sjølvfølge. Det er trist. Eg è så utruleg glad for mine fem buketta, og alle har ei historie som eg kan hugse. Så takk min gode mann, for gleda du gjer meg i ein ellers så grå og kjedeleg kvardag!
I går hadde Jeanette og eg ein fantastisk kveld. Vi skulle ta oss nokre øl, sidan det è ganske billig å drikke seg full ute på torsdagar. Eg tok med meg eit par øl og ein grandiosa, mangla berre fotball på tv. Vi ville så gjerne at vår kjære Trine skulle vere med, ville gjere ho litt glad. Så når ho melde avbud ga vi klar beskjed: VI KJEM! Først var dette meint som tull, men etterkvart som tida gjekk vart dette meir og meir seriøst for oss.

Vi raska med oss ein plante fra kjøkkenet , pakka den fint inn i aliminiumsfolie og pynta den med litt pakkebånd. So fint so berre det! Tok med oss ei flaske med vin og ei øl, og så gjekk vi til bussen. Vi hadde litt blanda kjensler, gleda oss og håpte at Trine skulle bli glad samtidig som vi var litt redde for at vi skulle bli kasta på haude ut. Men men, vi var fast bestemt på å utføre dette.

Når vi ankom sandviken luska vi oss mot minilandsbyen og leiligheita til Trine. Pulsen vår steig og steig, dette var spanande. Skulle vi tore dette? Vi nærma oss og skimta vindaugene, var det mørkt?! Nei, der var lys, puh..eller? Nei, det var berre utelysa som reflekterte i persiennene...hmmmmm, kva gjer vi? Vi måtte jo prøve å vekke Trine, eller skulle vi det? *LUUURE* Vi prøvde å springe forbi soveromsvindauget, som var litt gløtt på (med klakke og knirkesko). Vi ropte med kviskrestemme.."Triiiine" "TRINE" "Trineeeee", men nei ingen reaksjon. Jeanette prøvde å pikke litt forsiktig på glasa og spelte Abba på mobilen, men neeei, fortsatt ingenting. Vi måtte sette oss litt og tenke, jaja, sånn è det å vere spontane..og så fniste vi, før vi luska litt meir. Plutseleg kom det ei dame med hunden sin, ho lurte veldig. Snudde seg etter oss og var veldig skeptisk til vår væremåte. Men det dreit no vi i, ho fikk no berre ringe politien, då hadde jo kanskje Trine vakna..

Til slutt måtte vi bite i det sure eplet og ringte til Martin for å komme oss heim i seng, han skulle dusje først, så vi hadde jo fortsatt litt tid. Vi brukte tida godt med dokumentering, vi tok bileter slik at alle skulle vite at vi faktisk VAR der. Så skreiv vi eit lite brev på ei H&M kvittering, (for det har vi alltid i veskene våre) putta det ned i potteplanten, som vi hadde plassert i ei blomstepotte vi fann- nesten tom. .(Unnskyld for den inntørka palmestilken) No var alt klart, vi hadde gjort alt som stod i vår makt, så vi kunne ikkje vere noko anna enn fornøgde. Vi runda hjørnet på minilandsbyen, mens vi fniste enda litt meir...Detta hadde vore ein finfin kveld og no var det berre å gå heim og vente på reaksjon. Håpe vi kunne glede litt med dette stuntet:) Vi har i alle fall fått ei minneverdig oppleving!!

torsdag, februar 16, 2006


Kva er lykke for deg? Som regel synest eg det er vanskelig å svare på eit slikt spørsmål. Men når eg satt på bussen her om dagen slo det meg plutselig, eg veit akkurat kva som er lykke for meg. Eg er lykkeleg når eg kjenner ei deilig lykkekribling bølgjer seg gjennom kroppen. Det er ei kjensle som berre dukka opp, ein veit ikkje kor den kjem frå og heller ikkje kor den blir av. Den dukka opp, berre for å sei; HEY, eg è lykkeleg!

Eg hugsa før i tida, då eg enda budde heime (eller då alle budde heime). På lørdagane var alle heime (stort sett). Huset var reint og ryddig, graut med heimelaga saft og alle var fornøgde- det va jo helg! På formiddagen styrte alle med sitt, men vi visste at når kvelden kom vart det samling framfor tv`en. Då fekk vi lørdagsgodteri likt fordelt i kvar sin kopp, chips og brus. Når alt detta va oppete, eller spart på, var vi alle klare for pappa sin heimelaga pizza. Etter mykje god mat og godis vart alle liggjande framfor fjernsynet (bortsett fra mamma som av og til heller ville gjere nåke anna, som å vimse fram og tibake framfor tvskjermen) og vi såg alt - heile lørdagspakken på NRK1. Akkurat kva det var, var mindre viktig, det viktigaste var at vi alle var samla og koste oss saman. Det merkast alltid om det var ein eller to som ikkje var der. Det enda som regel med at alle sovna, i alle fall mamma, pappa, Markus (lykke for han trur eg må vere å sjå på tv til han sovna) og meg sjølvsagt. Isak og Arin trur eg var meir uthaldande. Etter ein lang og rolig dag kom alle seg vel i seng (litt tvilande om Markus kom så langt).

Men i alle fall, ein slik dag er eit perfekt eksempel på når den rare og ubeskrivelige gode lykkekriblinga kan dukke opp. Det skal ikkje meir til. Berre små gleder i det daglege, treng ikkje å vere nåke spesiellt- EIN ER BERRE LYKKELEG og det er godt! Det er den beste kjensla eg veit om..

onsdag, februar 15, 2006



Etter mykje om og men har eg altså komt så langt, ikkje enkelt å starte blogg. Men no ser eg lyst på framtida, rekna med at eg lære meir med tida. Dette skal bli veldig spanande!

Har lenge vore frista til å starte med dette etter å ha fulgt med i Trine si fantastiske skattekiste, men har liksom ikkje hatt motet før. Det è jo ikkje berre berre å skrive ned det eg tenkjer og trur - PÅ NETT, men ein kveld berre sprakk skrivebobbla. Eg vart liggjande og tenkje, sjølvsagt når eg skulle sove, kom på mykje lurt og hadde det perfekt for meg korleis eg skulle starte. Men så sovna eg nok, no è i alle fall alt fordufta. Men men, skal nok få ned noko sånn etterkvart.