tirsdag, februar 21, 2006

Ai ai ai, gleda meg slik til alle dagane der eg har fri. I dag for eksempel, hadde eg store plana. Skulle rydde og kanskje til og med vaske hus, skulle nyte det fine veret med Jeanette, møte pappa, tenke på Ingvill- so har STOOR eksamen i dag og sist men ikkje minst, eg skulle endelig starte med trening att. Men men , ingen av desse tinga ser ut til å bli gjort (joda, eg klare å tenke på Ingvill), for her ligg eg...sjuk:( Mamma seie eg har fått influensa, det lika eg ikkje. Sist eg hadde fri fekk eg ein kraftig forkjølelse. Kva skjer? Eg pleie jo aldri å vere sjuk! Kan det vere psykisk kanskje? At eg egentlig ikkje vil trene, eller at eg regelrett blir sjuk av å tenke på husarbeid. Klesvasken tek overhand i den vetle heimen vår, huff..

OH NO, kanskje eg rett og slett har blitt svensk. Jaja, dei gjer det jo bra i Ol og slikt, men eg vil jo vere norsk!! Håpe eg blir frisk igjen snart og at eg automatisk blir norsk igjen..eller so..


Jaja, ser ut til at eg får gjere det beste ut av det. Snakke med Trine og Jeanette på MSN, sjå på OL og drikke god myntete fra Marocco med honning i termokopp. Drømme om sydentur med Trine..vil du Jeanette vere med? Vi må trøste oss med slike draumar no når Trine hermar etter Kristine, tek tinga sine på ryggen og flyttar
:.(..O (tåredam)

Eg skjønar deg so ufatteleg godt Trine, tenkjer ofte at det hadde vore deilig og berre starte eit heilt nytt liv ein heilt ny plass. Men du må vite at vi her i Bergen kjem til å sakne deg nåke heilt forferdelig!! Sjølv om vi ikkje møtest kvar dag, så er det jo så godt å vite at du er her. Det blir eit stort svart hol i Bergen! Skal nok prøve å bli flink til å røyse meg opp, sette meg på eit tog, ein buss, eit fly, eller rett og slett køyre bil- slik at vi kan leike.

Eg håpe du kjem inn på ein arti skule og at du kjem til å trivest, men ikkje fòr godt- fordi du må jo komme tilbake! Skal tenkje mykje på deg og følgje deg i denne spennande framtida di!:) HEIA TRINE!
Uff, ditta blir berre verre og verre, har jo ikkje bilde av Trine på dataen min. Ditta går ikkje, skal scanne inn mange! Men valget mitt på innbyttar var såre enkelt: TORI sjølvsagt! Dette bildet er jo så gøy og så minnar det meg veldig om Trine..

3 kommentarer:

Monica sa...

Stakkars sjuke Kotsasi. Rart det med alle som flytter heile tida. Men det er godt å flytte når ting ikkje stemmer. Veldig godt. Hurra for at det går an å flytte :D

jeanette_s sa...

stakkar jenta som e sjuk!:)i måra blir du so frisk åg fin atte! for då e det jobb igjen:)

jajajajjiippii! eg ve bli me på tur te fjerne sydlandske strøk!!!
bort frå kav og mas og bekymringa her heime!

Go girl!:)

Trine sa...

*HulkHuuulk*, tusen takk for fine ord og bilde og alt mulig. E jo så dritredd for alt som skjer no, veit ikkje heilt ka eg drive me, men de e godt å vite at dåke e her uansett. Så om eg skal ta ein Jeanette og komme tilbake etter fire måna, står dåke klar med bunad og flagg:). Husk å bli frisk til fredag da, for da skal vi bløyte røtene våre:D