lørdag, januar 27, 2007

I dag er det termin og vi ventar i spenning!!!

torsdag, januar 25, 2007

I dag er eg akkurat 40 veker på veg:

To dagar att til termin og eg håpar så inderlig at dette blir det aller siste biletet av magen. Fordi no vil eg ha bilde av beibiguten og ingen andre!

Var på kontroll i går, alt var greit og han låg veldig langt nede. Det har han igrunn gjort ei stund, det kjennest iallefall sånn ut. AU! Men legen ploppa ut med at han trudde no at det kanskje kunne skje ting i helga, så eg slapp å komme til timen min på mandag. JOHOOOOOOOOOO tenkte eg i mitt stille sinn. Ikkje veit eg om han kan sjå det, men eg tenker at han VIL jo ikkje gi meg falske forhåpningar og han treng jo ikkje å sei sånt. Derfor vel eg å tru at han såg at denne beibien har bestemt seg for å komme i helga, og at han sa det slik at eg skulle kunne begynne å forberede meg på det. *HÅPE HÅPE*

I dag skulle eg forresten ha fått mi første utbetaling fra NAV. Har ikkje høyrt nåke fra dei, so eg ringte for å høyre kor mykje det var snakk om at eg fekk, fordi eg må vite det i min søknad om utsettelse av nedbetaling til lånekassa (puh). Men kva er det eg høyrer??? Er de ikkje ferdige å behandle søknaden min??? *Grine*

Dei ventar på inntektsinfo fra arbeidsgivaren min og hadde sendt ei purring for ei god stund sidan. Arbeidsgivaren min fekk det første brevet i november. ARGH! Ringte på jobben, han hadde sendt alt til lønningskontoret og lovde å purre på dei. Men i alle dagar! Er det mulig?? Kva skal eg leve av då? Har jo eindel rekningar, husleige og lån. Neste nedbetaling fra lånekassa skal betalast 15. februar, så då får eg ikkje søkt om utsetting før det. Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Rane ein bank?? Fordi det er faktisk det eg tenkjer på akkurat no.

Når NAV endelig får infoen dei skal ha tek det vel år og dag før dei får behandla det. Og ho som har saka mi slutte på onsdag, så eg er veldig spent på kor mykje skade som kan bli gjort når dei bytter saksbehandlar. Så ja, eg sit no her i sofan min og knage på ein tørr brødskalk. Håpe jammen Martin har pengar, stakkars mann!

*KLAGEKLAGE*

tirsdag, januar 23, 2007

Ute på tur for å prøve å finne nokre fine glimt fra Loddefjord. Her er bevisa: Det er ikkje BERRE ghettolife her...(om du leitar godt og zoomar inn vel og merke)






Og så kom snøen endelig!!! Må ærleg innrømme at eg ikkje har vore ute og laga snøenglar, men eg nyt synet fra 9. etg. Tiddelibom!


fredag, januar 19, 2007

Sånn ca. sånn er beibien no, han er heilt fiks ferdig, men vil berre bli litt klokare før han kjem ut. Får vel berre nyte den siste tida utan skriking, bæsjing og gulping. Sjølv om eg så gjerne skulle kunne bøye meg utan at eg må holde pusten og at maten kjem oppatt.
Ny mageoppdatering. Slik er eg, og den magen begynne å vege nokre kilo. Kan vere eg skal gå på tur med magen min etterpå, berre i håp om at den skal sige lenger og lenger ned for så til slutt å dette av.

Det er ikkje så mykje plass til magesekken min der inne og derfor blir maten, særleg det syrlige smågodtet eg åt i går, liggande i halsen og brenne. Det har gått sterkt utover nakken sidan eg måtte ligge heile natta oppetter veggen. Mjølka hjalp ikkje særlig i natt, så det vart til at eg måtte ligge høgt med hovudet ja. Det er ikkje godt, verken for nakke eller hofte.

Neida, eg er ikkje 104 år, berre gravid. Kan lett forvekslast.

onsdag, januar 17, 2007

Mr. Hickup har flytta inn i magen min. Trur han trivst der, for han vil ikkje komme ut. Han vil berre vere der og hikke og hikke og hikke. Lure på om han blir lei, det blir iallefall eg. Må vere slitsomt å hikke så masse. Etter ei stund begynne han å vri seg, så ja, trur nok han blir lei han òg. Lille Mr. Hickup:)

lørdag, januar 13, 2007

Det er helg, eg har ingenting å gjere.

Martin ser på sport, eg gidd ikkje å følge med. Han såg sport heile forrige helg òg.

Eg sit i sofaen kvar dag i veka, og synst derfor ikkje det er så spennande å bruke helgene mine i sofaen. Ting endrar seg.

Eg tenker at eg skal lage kakao og ete bollar, bollar som mamma var her og baka i går. Mumse mumse. Men då må eg ut og kjøpe mjelk først- og før det- dusje.

Sov til halv eitt i dag, merkelig at ein berre søv lenger og lenger når ein kan. Blir ein SÅ sliten av å bu i ein sofakrok???

Golvet er skittent, men kan ikkje vaske det. Då må eg gå att og fram framfor tv`en og eg kan bli drepen.

Koffor må alle skip som går på grunn for å brekke vere fulle av olje?! GudHjelpeMeg!

Eg har rydda leiligheta, no tenker eg at eg skal tippe i dag, må ha peng til å kjøpe alt eg skal ha på IKEA. Det er ein del ja.

SJOKOLADE

Lurer på kva framtida bringer og kva eg skal gjere om eitt år...Vil gå på skule.

No er det på tide å føde, eg vil føde...

onsdag, januar 03, 2007

I dag har eg slengt på KK nesten heile dagen, masse venting gitt, gløyme meg klarte dei òg..takker og bukker. Men snille meg berre smiler og seier at det går heeeilt greit. Grunna vel kanskje i at eg faktisk ikkje har noko bedre å ta meg til enn å teste ut alle stolane i gangen der oppe, så det VAR faktisk greit å bli gløymt...

Vente er eit stikkord for meg framover *V*E*N*T*E* (tolmod)

Etter at eg endelig kom til på dei ulike stadane (jordmor og deretter lege og ultralyd) gjekk alt fint. Fine prøvar og beibi (som eg no veit kjønnet på...edda bedda) som er festa godt nedi bekkenet til mor...AU! Klumpen lika seg veldig godt på venstre side av magen, så den (magen altså) er heilt skeiv og eg måtte dytte litt for å få puste etter middagen i dag. Ein smule rart å dytte og flytte på noko som er inne i magen min og romsterar.

Beibien min har det bra- og kan berre komme ut! *Komkomkomkomkommeut*

Dette har visst blitt ein gravidblogg, ber over med meg. Dreiar seg ikkje om anna her for tida. Snart blir det ein beibiblogg:D Hoho (monica, du må berre lære deg å like små troll:))