onsdag, juni 21, 2006





Kva er det med dette mennesket?? Kva er det som gjer at ho kan få jobb i tv som ekspert på mote og som quiz-programleder? Koffor vil nåken ha ho der, ho snakka så jævli at eg får gnagsår i øyrene etter to sekund. Koffor er ho i mediene HEILE tida? Kven er ho? Ein inngifta slektning av dronning Sonja...SO WHAT?! Og så blir ho sur når ho plutselig ikkje blir bedt i kongelig dåp?! Altså...eg kjenner eg blir dårlig av heile dama. Ikkje duge ho til det ho driv med no eingang. Einaste ho duge til er å vere stappa full av seg sjølv, sprade rundt i bikiniar, rosa kjolar, kambe det lange, KJEDELIGE håret sitt og posere i tide og utide. Ikkje er ho fin eingang, hadde ho no berre vore så slåande vaker at det ikkje var tvil om koffor folk tok bilde av ho. Men nei.

Eg er rysta!!!

Eg vil bade!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

mandag, juni 19, 2006

Nokre av tinga eg er redd for:

  • Eg er svært klaustrofobisk, får pusteproblem berre av tanken på å bli levande begravd. (Som i Kill Bill, måtte snu meg vekk i dei scenene)
  • Høgder skremmer meg. Skal bli spanande å sjå korleis det blir å bu i 9. etg. :S
  • Redd for små uskyldige kryp. Ein kan aldri vite kva dei kan finne på og kva dei plutselig kan forvandle seg til..
  • Har opparbeida meg ein redsel for små gnagarar, som innavla hamterar.
  • Eg er kjemperedd for å miste folk eg er glad i!
  • Redd for å få ein alvorlig sjukdom.
  • Brann skremmer meg.
  • Å dette ned i kloakken.
  • Eg er redd for å krasje med bilen.
  • Stå blandt folk å tale skremmer vatnet av meg.
  • Redd eg skadar meg fordi eg kjem ikkje til å tåle eit åpent sår, brudd eller rift:O
  • Eg er redd for hoggorm.
  • Er er redd for å svømme aleine på djupet, redd for det ekle som befinn seg i sjøen under meg.
  • Eg er redd for måker som stuper etter meg.
  • Eg er redd for flått.
  • Eg er redd for utviklinga i verda.
  • Redd for forandringar. (er jo tyr)

onsdag, juni 14, 2006



Kyrne til naboane på Thunane hadde rømt og eg fekk akkurat tak i kameraet og tatt bilder i blinde. Ikkje kvar dag ein ser kyr springe laus på tunet, til og med ikkje i Ortnevik. Eg synst jo det var ganske morsomt at dei hadde lurt seg ut og spankulerte rundt hos naboane (altså oss). Trur dei var meir stressa enn glade for å smake på det nye graset. Stakkars dyr.

Her kan dei som vil sjå og lære korleis ein skal tegne ei søt ku kose seg. Ho heiter Søt Ku.


Bjellekua Leikros er en årvåken trafikant, her sammen med Aslak Snarteland fra Fyrresdal.

På søndag var eg med når Mannen og far hans skulle hente to kviger som hadde gått over elva og gjekk og beita på feil-manns-jorde. SHIT! Etter ei stund kom dei seg tilbake igjen og på andre sida var det ein liten flokk med sauer..he he, skulle ha sett den eine kviga. Ho gjekk heilt amokkis, sprang so ho va galen etter desse stakkar sauene. Trudde ei stund heile saueflokken skulle ende på elva, men dei kom seg unna i siste liten med ein brå sving oppatt på jorde. Mannen og eg måtte le litt av desse skapningane. Gøy på landet!:)

Med stor mangel på idear om kva eg skal skrive her på denne etterkvart øde bloggen (det er tørke) so vart det dette eg kom med. Jaja, no skal eg løyse ein su do KU:) ooooooooh NO.

Dette è min yndlingssang på den siste Kaizers cd`en for tida. Den blir høyrt mykje på vegen til og fra jobb og eg syng høgt, og då meina eg høgt med på dinna. Eg veit ikkje kva det er, den er berre to tusen grader..Godt eg køyre aleine:) Dagens høgdepunkt for meg for tida..

Christiania

Album: Maestro

Tekst av: Ottesen

To tusen grader, svetten pipler frå pannen
Luftå vibrerer mange meter fra bakken
Et knusktørt kadaver henger fast i gjerdet
Gåsehud betyr at det er ting på ferde

Millimeterpresisjon stod det i ingressen
Det er hundre år si eg stolte på pressen
Som et bilde tatt av KGB er manipulert
forteller eg deg at det var ikkje meg
Det var ikkje meg

Du trur du ser ting å så klart
Eg seier ikkje ett ord til før eg får en advokat

Et sekund er som et minutt her inne
Minutt som en time. Time som et døgn
Og du trur du ser ting å så klart
Eg seier ikkje ett ord til før eg får en advokat

mandag, juni 12, 2006

lørdag, juni 03, 2006

Ingvill og eg et oss skakk forderva, bukseknappen er fauk i sta...Ja, eg er blitt eit matvrak. Ingvill har begynt å klappe mens ho ser i taket og seier boller og brus mens ho fyller glaset med pepsi max?? Ja, det er Ingvill:) God helg!