søndag, april 27, 2008

torsdag, april 17, 2008

Til ære for deg Maria:) Blir ikkje tatt så masse bilder lenger, før tok eg jo sånn ca 50 om dagen. Her kjem dei nyaste bileta av Tobias:
Han elskar å styre og ornde på kjøkkenet, og så so fint det blir. Fiskespel og pasta i ein finfin blanding. Han er ein liten luring.
Ete graut heilt sjølv er stas, stas for Tobias. Eg er ikkje så glad i graut all over, men morro å sjå på han er det:)


Alt kan leikast med. Korger, baljer, papp, panner og sleiver er nokon av favorittane. Snakke i mobil og fjernkontrollar er jo sjølvsagt også stas. Finn forresten ikkje att fjernkontrollen til tv`en, anar ikkje kor han gjer av ting. Han må ha eit hemmeleg hol ein plass, der han legg tanntråd, fjernkontroll, kodeting til nettbanken og ellers alle andre ting eg ikkje kan finne. Må lure det ut av han ein dag.



torsdag, april 10, 2008

Er det mulig?! Hjelpe meg! Hadde gløymt at eg ein gang såg slik ut. At eg orka å gå.