torsdag, mars 29, 2007


NO ER DET ENDELIG KLART...KRISTINE KJEM TIL BYEN!:D

Den 19. april er datoen og ho skal leike i Bergen heilt til den 24.! Jey, det skal bli nokre fantastiske dagar med Tromsøberta vår!!!

ALLE HJERTER GLEDAR SEG!

onsdag, mars 28, 2007



Her er gangsterane i vadmyra 28. Ikkje berre har dei snorking og samme hårsveis til felles, dei er faktisk like tøffe!!!





Bergen, Jeanette, sol, is, vår i lufta. Vinteren i Bergen blir verdt det når den flotte vårsola endelig glimta frampå. O kjære sol! Vi elskar vår i Bergen!!!


fredag, mars 23, 2007

VIL GRATULERE SÅ MASSE TIL DEI NYBAKTE FORELDRENE som fekk sin baby samme dag som oss, tenk så flaks. Så masse leik og morro dei små kjem til å oppleve i åra framover. Vi stolte foreldre gler oss til å følge dei, mens vi sit på sidelinja å snakke om dei gode gamle dagar på barneskulen:DSjå så fine, letta og lykkelige dei er for at ventetida endelig er over! Lille Inge Christoffer kom den 1. februar. 4570 g og 48 cm lang (godt i stand kan ein sei).
Kem ville trudd at Ingvill var så moderlig?
...og Christian så faderlig?


Godt å sjå at kjærleiken og omsorgen for kvarandre fortsatt blomstrar med ein ny sjef i livet:)

Vi gledar oss til å leike med dikka!:D

tirsdag, mars 20, 2007


I går tok mamma meg med på 6-vekers kontroll. Vi var der halv ti og fekk vite at det var ein time for tidlig gitt, mamma skulda på ammetåka. Eg sov heldigvis, så timen gjekk fort og greit den altså. Eg våkna først når mamma begynte å ta av meg kleda, det var litt kaldt så eg tissa på stellematta. Eg hadde spart så lenge at eg måtte tisse igjen når eg kom på vekta, og ja, så tissa eg når legen sjekka meg. Eg var godt fornøgd, godt å få det ut.
Kontrollen gjekk kjempefint, eg er 4160 gr tung no og 58 cm lang. Eg er ikkje så stor for alderen, men har vokst godt sidan eg kom ut og følge kurva mi, så det er bra.
I det siste har det vore nåke som plaga meg, det er magen, den er så vond og så er eg litt forkjøla. Mamma og pappa skjønnar ikkje alltid kva dei skal gjere for å hjelpe meg og då skrik eg. Eg skrik høgt og lenge. Eg sovnar av og til, men då vil eg sove på mamma slik at ho ikkje får gjort nåke...hihi Ho tore nesten ikkje å puste, for då kan eg våkne. Eg er lur...ligg så godt her på magen og høyrer på hjertet hennar, seinare skal eg sove på pappaen min, det gler eg meg til.

søndag, mars 18, 2007

Eg har fått låne pc`en til Monica, EG ER PRIVILIGERT! Er i sogn og må berre skrive eit lite innlegg- so blir Monica glad. Ho klagar på at det er lite aktivitet i helgene. Så versgo Monica, dette innlegget er til ære for deg :D

Eg får bollar og brus (vatn) og høyrer historiar om koffor Monica ikkje kunne ut å køyre med bilen sin i dag (1 cm med snø), var det kanskje heller det at ho ikkje gadd?? Eg lar spm ligge og høyrer vidare. Ho lagar middag til mannen kjem heim, flinke jente! Steik, eg er imponert.

Nei, no får eg konsentrere meg om samtalen her, klare ikkje å tenke, snakke og skrive samtidig...PUH!

No forklarar ho mannen koreis han skal ete...hihi

torsdag, mars 15, 2007



Veit du kva ungane kallar fingrane sine?
Tumars-taatt, sleikje-pott, lange-tong, lykle-band, litle Per Jensen spele-mann. Du maa faa namni paa tærne og:
Titill, taatill, tilla-rot, meggel-fru, store-gubben sjølv.

onsdag, mars 14, 2007

Då har eg endelig litt tid til å skrive, lenge sidan sist no.

For det første så har dataen vert svært sjuk, så sjuk at vi har måtte få ny harddisk, det var ille. Men faktumet er at det faktisk går an å venne seg til å vare uten pc, så når den endelig blei frisk igjen har eg ikkje tatt meg særlig masse tid til samvær med min lille svarte.

Og for det andre hadde eg fått meg eit nytt liv ei stund. Sex and the city. Jepp, eg har levd meg inn i ei verd med nye folk og ein fantastisk by, som eg lengta sterkt etter å komme tilbake til.
Eg har levd mitt liv gjennom nokre simple dvd`ar, ein rosa boks fylt med dei faktisk. Det har vert moro. Livet var herligt. Men i dag skjedde det uunngåelege, eg satte siste plata i dvd- spelaren og naut dei siste fire episodane. Siste episode sugde eg inn i sjela og no, ja no er livet tomt. Ser trist bort på den rosa boksen og draøymer om at det skal komme fleir, eg vil ha fleir boksar som er fulle av fantastiske episodar med gjengen...

Akk og ve, kva skal eg finne på no? Blir nok mange turar i regnet framover, berre for å understreke kor fælt det er:D

Nei...*ta seg i nakken* No skal det bli andre bollar her.

Tobias blir meir og meir vaken, han snakkar og smiler som berre det og det skal vi nyte. Vi skal leike, synge å le...

Har vore så heldig å bli tante igjen sidan sist. No er det to små gull inne i sogn, som veks og lærer alt ein må kunne. Det skal bli meg litt av ein bande. Bastian, Bias og Gelika:D

Jenta heiter Angelika og er ei perfekt lita prinsesse. Skal sjå ho klarer å tvinne heile familien rundt lillefingeren.

Livet med barn er fantastisk, ein må berre suge alt til seg- for ein ting er sikkert, dei veks skremmande fort!

Har forresten hatt masse fantastisk besøk i det siste. Det lønna seg å få baby på mange måtar. No har eg møtt kjære vennar eg ikkje har sett på år, det har vert kjekt!

Ditta vart ei oje smørje, men sånn kan det gå...har fått skrive eit nytt innlegg, kryss i taket for meg X