tirsdag, mars 20, 2007


I går tok mamma meg med på 6-vekers kontroll. Vi var der halv ti og fekk vite at det var ein time for tidlig gitt, mamma skulda på ammetåka. Eg sov heldigvis, så timen gjekk fort og greit den altså. Eg våkna først når mamma begynte å ta av meg kleda, det var litt kaldt så eg tissa på stellematta. Eg hadde spart så lenge at eg måtte tisse igjen når eg kom på vekta, og ja, så tissa eg når legen sjekka meg. Eg var godt fornøgd, godt å få det ut.
Kontrollen gjekk kjempefint, eg er 4160 gr tung no og 58 cm lang. Eg er ikkje så stor for alderen, men har vokst godt sidan eg kom ut og følge kurva mi, så det er bra.
I det siste har det vore nåke som plaga meg, det er magen, den er så vond og så er eg litt forkjøla. Mamma og pappa skjønnar ikkje alltid kva dei skal gjere for å hjelpe meg og då skrik eg. Eg skrik høgt og lenge. Eg sovnar av og til, men då vil eg sove på mamma slik at ho ikkje får gjort nåke...hihi Ho tore nesten ikkje å puste, for då kan eg våkne. Eg er lur...ligg så godt her på magen og høyrer på hjertet hennar, seinare skal eg sove på pappaen min, det gler eg meg til.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Åh. Så fint. Og bare send han i posten til meg, du. Om du vil det.

Kristin sa...

Hei Tobias!

Monica sa...

Markering av område er svært vikig, haha.

jeanette_s sa...

Trur tobben kanskje blir like lang som pappaen sin eg:)