torsdag, mars 13, 2008


Ein dag igjen på jobb, før det er avgårde på ein ti dagers lang påskeferie. Det skal bli übergodt. Endelig skal eg få henge masse med min yndlingsgutt igjen. Turen går til sogn, litt her og litt der, og vi håpar at vermeldinga ikkje slår feil. Mål: Komme seg på fjellet slik at mini kan få oppleve litt snø og akebretting. Kjenner at dette skal bli godt. God påske folkens!


lørdag, mars 08, 2008

Skjønar ikkje kva som gjer at eg er heilt tom i hovudet når det gjeld denne bloggen. Eg kunne jo holdt eit foredrag i barnehagelivet, for all del. Fem dagar i veka tilbringer eg i barnehage, men kor spennande er det liksom?! Kvelden er forbeholdt sofaen. Tobias ser eg berre nokre timar om dagen, lille gullet lever sitt eige liv no. Dette gjer til at eg ikkje har noko å snakke om, blir berre det evinnelige barnepratet.
Gledar meg veldig til påskeferien, då skal eg kose meg med Tobias min heile veka. Kanskje kjem det litt nytt etter ei gul veke.