søndag, april 19, 2009

Fint vèr pluss eksamenstid, er det ikkje typisk?
Er det ikkje typisk at eg heng etter med lesing, at eg faktisk nesten ikkje har lest heile skuleåret?
No, ein måned før eksamen får vi eit tre vekers prosjekt i drama, musikk og forming, ingen eksamen, men eit lite prosjekt. Er det ikkje typisk?
Eg blir sur, er det ikkje typisk?
Kaizers skal spele heime, altså heime på bygdahuset i Balestrand TO dagar før eksamen, er det ikkje typisk?
Det er fotball på tv heile kvelden, er det ikkje typisk?
Ingen av bloggerane mine har oppdatert på evighetar, dei som meg, er det ikkje typisk?
Det skyar over, er det ikkje typisk?
Eg er solbrent på nokre få plassar på overkroppen, er det ikkje typisk?
Eg sit her og klagar i staden for å lese, er det ikkje typisk?
No skal eg gjere noko utypisk, særleg sidan det er søndag, eg skal lese pensum...