mandag, oktober 30, 2006

Men ein ting som lyser opp kvardagen min og får meg til å trekke litt på smilebåndet: "Hei, vennen min. Kjøp melk og brød, Bonzo er død, jeg er gravid" Kanskje skulle ein vore meir som ho:D

Har sett litt over bloggane til mine kjære vener, har ei kjensle av at vinterdepresjonen er komen snikande inn døra til fleire, eller er det berre slik at alt automatisk blir drit når vi no rundar oktober? Eg veit ikkje. Eg for min del sit her og ventar på energi, kreativitet, jul...ja, for eg kom ikkje på nåke anna. Hadde vert kjekt med ein skikkelig gladdag snart, berre le og skråle heile dagen og legge seg utan ei einaste bekymring i sikte. bladdibladdibla....Hadde egentlig ingenting lurt å skrive, ville vel berre vise at..HEY, eg er i live!

Melde meg faktisk inn i den norske bokklubben i dag, veit eg kjem til å angre alle gangane eg ikkje hugsar å avbestille bøker, men på ei anna side vil eg jo berre svømme i dei. Berre eg klarar å lese alle. Det var jo det som var planen, gå vinteren i møte meg eit utval av gode bøker. Kjenner tanken trøstar meg, så får eg berre sjå kva eg klarer å gjere med saken. Byrja på ei i dag, Bienes hemmelige liv av Sue Monk Kidd, anbefalt av min mor. Eg har komen i gang, gler meg til fortsettelsen..

torsdag, oktober 19, 2006


NO ER DET 100 DAGAR ATT!!!
Ti ni åtte sju seks fem fire tre to ein og plupp så er det ein ny person i mitt liv..

Velkommen skal du vere min lille klump!!

torsdag, oktober 12, 2006

Nyte min gode frukost og skulle ønske at kvar dag var som denne. Begynne sakte men sikkert og finne på nåke kjekt eller nyttigt i løpet av dagen..I dag har eg fri og etter min nestenbesviming i går kjennest det veldig godt. I allefall så langt. Har allerede satt på ei maskin med klè, men kom nettopp på at kanskje eg ikkje har ledige tørkestativ, jaja, sånn kan det gå.

Men no må eg drikke teen min, for den er sikkert blitt varm..

mandag, oktober 09, 2006

Eg er lei! Eg er kjempelei! Visst nåken trur at livet er enkelt, så må de berre tru om att. Psyken er på bonn og eg hadde aldri trudd at hormonane kunne ver SÅ masse ute å køyre. Dei er rett og slett ute på fyllakøyring i saurdalsvegen, og vips så har dei køyrt rett utfor stupet.