lørdag, mars 19, 2011

Det er sol og våren prøver med sterke makter å presse seg fram, men får stor motstand av vinteren og snøen. Makan til standhaftig den vinteren skulle vere i år då! Derfor tek vi på oss småsko og spring ut i naturen når sola i dag viser fram vårkjolen sin. Tobias, Tuva og eg går ein lang tur, og på vegen tilbake går vi over kyrkjegården. Vi begynner å leite etter onkel Trygve, som blei gravlagt når Tobias låg i magen. Etter å ha gått på kryss og tvers måtte vi gje opp, men Tobias og eg blei einig om å gå ned igjen ein annan dag for å leite meir. 4-åringen ville gjerne sjå steinen til storebroren til oldebesten. "Eg trur vi må ringe til oldebesten å sei at storebroren hans er død", "Tenk visst han røyser seg opp og vil bøye hode", "Eg trur vi må grave han opp igjen no", "Kordan klarte han å finne vegen hit visst han var død?". Kva skjønar egentlig ein 4-åring om døden? Han vil i alle fall snakke mykje om det, så da får vi undre saman.

søndag, mars 06, 2011






Rommet løftar seg, vi syng for full hals. Salen er sveitt og varm, nesten ikkje til å halde ut, men alt for Kaizers Orchestra. Vi hoppar, klappar, hoier og gliser frå øyre til øyre- kvelden var heilt fantastisk, den beste konsertopplevinga eg har hatt! Dagen derpå var prega av bomullsøyre, hes stemme og såre bein, men kva gjer vel det? Denne kvelden kan eg leve lenge på.