mandag, april 25, 2011

Da var påskeferien over, og det kjennest heilt feil! Det har vert alt fra eit fantastisk fint bryllup i London, der Maria og Charlie blei mann og kone, til fine sommardagar i sogn. Det har vore gardsjobbing og fisking, seine kveldar ute rundt bålet og familiemiddag. Ungane har kledd av seg og testa ut bare tær på nytt gras, og trea har blitt grøne. Snop og alkohol har gått inn, morosame kommentarar og fakter har utbredt seg. Saknar allerede det late, deilige sognelivet- ser fram til sommarferie!

Kvardagen er ikkje ok akkurat no.

onsdag, april 20, 2011

Sit her i hjørnet av den blå skinnsofaen i Ortnevik. Har teke ein pause fra "La meg synge deg stille sanger" av Linda Olsson, for å ta meg eit glas med gin, og for å tenkje på dei bøkene eg har lese- dei som har satt spor. Kjem på fleire gode bøker, men den boka eg las som 14- åring; "Det mørke lyset" av Mette Newth er nok ein av dei som har satt mest spor.

"Tora er 13 år og kommer fra en liten vestlandsbygd. Sykdommen hennes blir oppdaget og hun blir fraktet til et hospital i Bergen. Der blir stuet bort, isolert fra pasienter med andre sykdommer og det er hennes historie som fortelles. Tora vokser til og blir et svært vakkert menneske innvendig, mens sykdommen ødelegger kroppen hennes"
(http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_ostlandssendingen/sendinger_nrk_ostlandssendingen/lang_lunsj/1771410.html).

Det er ca eit halvt liv sidan eg las denne boka, og enda tenkjer eg på den. Det skulle ha vore skrevet fleire slike historiebøker for ungdomen, då hadde kanskje til og med eg vert ein ivrig elev i historietimen.

onsdag, april 06, 2011

Etter ei god treningsøkt på Sprek og Blid tar eg no ansvar for å ete opp kaka etter 30-årsdagen i går. Vi kan da ikkje kaste mat heller, herlighet!

søndag, april 03, 2011

Eg har sagt det før, og eg kjem aldri til å slutte å sei det; Tida går så alt for fort! Kor blir den av? Ein merkar ikkje at den går, men ser jo at babyane mine ikkje er babyar lenger, at dei er store folk, med eigne meiningar. Babyen min kallar alle andre baby, spring fra meg, eller brukar 29 i sko.
Det er skremmande, samtidig som det er spennande- STOPP! Skulle ønske eg kunne stoppe opp og nyte nuet, er så redd for at alt skal skli mellom fingrane på meg og forsvinne.