søndag, mai 23, 2010

Sjekkar facebook sånn akkurat før eg skal legge meg, og der får eg det rett i fleisen; "blogg litt du". okei, da er det vel berre å blogge litt da, tore ikkje gjere noko anna.

Sit her med Lily Allen på øyret, stua bort i ein krok. Det er det eg gjer på. Skulle lagt meg, skulle lest i boka mi, skulle pussa tennene, men rumpa mi er altfor tung blitt. Den er blitt så tung at eg prøver å ta opp treningen igjen, og det skal eg klare å bli flinkare til framover. EG SKAL! Ikkje lett med ei slik tung rumpe såklart, men ein må slosst og lide for skjønnheten, har eg høyrt. Det passar meg dårlig sidan det eg likar best er god mat, og det alltid. Har egentlig ikkje tid til å trene, men eg ofrar visse ting, som å ete mengder med sjokolade. Synst det kan vere litt lurt. Veldig lurt. Spark meg bak, please!

torsdag, mai 13, 2010

Har tatt meg to halvlitere, og etter ein tur på Lyderhorn i solsteik kjenner eg at øla har sin virkning. Høyrer på Datarock, mens eg saumfarer facebook etter spanande statusar. Fant ingen, og enda derfor opp med å skrive eit nytt innlegg her på moonchildbloggen min.

I helga var eg på Balejazz, i fint vèr med gode folk. Vi levde livet, for meg eit liv eg ikkje har levd på lenge. Vin og fjas til tidleg morgon, og sjølvsagt djupe og gode samtalar. Det gjer godt av og til, men tar på sidan ein ikkje får sove særleg lenge dagen derpå. Vi var trøytte og ganske hjernedaue, men akk så morosamt vi har det då. Eg hadde plutseleg berre gutar, vi lovde gule og grøne skogar, persika blei ein frukt, men kva frukt? Altså, vi har ledd mykje av ingenting.

Livet i sogn ein dag i mai er herleg. Fjelltoppar med nysnø og turkise fjordar, og skogar som er i startfasen av å grøne seg opp. Vakkert!

Taximannen Terje blei vår beste ven, all ære til denne mannen som gjorde alt for oss, han tok oss til og med på hjorteseigthseeing. Snille mannen.

Datarock var konserten vi kom oss på, derfor ei lita dilla. Ein fantastisk konsert med mykje hopping, "synging" og klapping. Eg rettar ein stor takk til ein snill mann, som fekk oss på gjesteliste!

Stikkord er stikkordet her, punktlig og fint. Skål!

tirsdag, mai 04, 2010


Godt å sjå at humoren var på plass allerede då.

mandag, mai 03, 2010

Her kjem eit aldri så lite bilderas frå 1. mai helga i Ortnevik.
Vårteikna er å finne alle stader no, og godt è da!