lørdag, januar 13, 2007

Det er helg, eg har ingenting å gjere.

Martin ser på sport, eg gidd ikkje å følge med. Han såg sport heile forrige helg òg.

Eg sit i sofaen kvar dag i veka, og synst derfor ikkje det er så spennande å bruke helgene mine i sofaen. Ting endrar seg.

Eg tenker at eg skal lage kakao og ete bollar, bollar som mamma var her og baka i går. Mumse mumse. Men då må eg ut og kjøpe mjelk først- og før det- dusje.

Sov til halv eitt i dag, merkelig at ein berre søv lenger og lenger når ein kan. Blir ein SÅ sliten av å bu i ein sofakrok???

Golvet er skittent, men kan ikkje vaske det. Då må eg gå att og fram framfor tv`en og eg kan bli drepen.

Koffor må alle skip som går på grunn for å brekke vere fulle av olje?! GudHjelpeMeg!

Eg har rydda leiligheta, no tenker eg at eg skal tippe i dag, må ha peng til å kjøpe alt eg skal ha på IKEA. Det er ein del ja.

SJOKOLADE

Lurer på kva framtida bringer og kva eg skal gjere om eitt år...Vil gå på skule.

No er det på tide å føde, eg vil føde...

7 kommentarer:

Monica sa...

Sport er gørr..

Eg vil du skal føde snart og slik at dette kan bli ein babyblogg :D

Sasi sa...

der er vel ein viss fare for at det blir det ja, har jo blitt ein gravidblogg ser eg...

Kristin sa...

Vann du på tippinga?

Bård klaga på at eg ser for mykje på sport... Lika skiskyting eg

Sasi sa...

Nei, vi vann ingenting:(

Skiskyting er kjekt, men ikkje hopp, kombinert og skeiser...Og det ser Martin på. Blærk.

Anonym sa...

Søte Kotti:) Vi skal på kafe i mårra!:D Det blir gøy! Så kan netty og eg finne på triks som får deg til å føde. eller nåke.

Monica sa...

Ser du for mykje sport Kristin!?Det hadde eg forresten trudd når eg tenkjer meg om..

Kristin sa...

Eg ser ikkje mykje nei.. Hopp, skøyter, alpint er kjeeeedeleg. Og all sommaridrett. blæh. Men bortoverski og sånn har eg liksom fått banka inn frå barndommen.