mandag, juni 27, 2011

No har vi hatt ei veke sommarferie, eg og ungane, mens pappaen har stått i siloen heime på garden. Planen var at vi skulle joine han der, men vi kom oss aldri opp og vekk fra perla Kvamsøy. I ei veke var vi og min bror Isak med familie der, og vi koste oss skikkelig. Vi fekk til og med nokre deilige sommardagar, der ungane sprang nakne og vi kunne sole dei bleike vinterkroppane våre litt. Kvamsøy er som medisin for kropp og sjel!

Ingen kommentarer: