tirsdag, mars 07, 2006


I dag var eg med Trine og Cecilie og såg på tatoveringar..No etter fire- fem år med planar om å ta tatovering har drømmen poppa opp att. Eg har jo nesten bestemt meg for motiv i alle desse åra, så det står jo berre på pengar og mot. Klarte å finne fram tegningane mine når eg kom heim og eg er fortsatt ganske fornøgd med valget mitt, so no må eg ordne litt på den slik den blir perfekt. Kan jo ikkje vere feil på den når Miss Perfeksjonist skal ha den på seg resten av livet.
Eg gleda meg til å sprade rundt i varme land (kor det no enn måtte bli) og vise fram den fiiine tatoveringa. Spørsmålet er jo berre kor eg skal feste den på kroppen...hmmm. Enten i nakken eller i korsryggen eller på leggen eller eller eller, trur eg må trekke. Må i alle fall ha den ein plass der eg ikkje ser den heile tida..Må sette meg ned å tenkje litt på detta no.

Trur eg skal gå for den med raud firkant rundt og fikse litt på den. Tanken er halvmåne og spiral. Spiral er jo ei form eg alltid har likt og måne er jo meg Mun. Må finne nåke eg er sikker på at eg aldri går lei. Fire- fem års tenketid skulle holde vil eg tru..

3 kommentarer:

Anonym sa...

Naaai! Ikkje fem år til! Vi kan gjøre det sammen! I mårra! :)

Sasi sa...

Ooops, eg meinte at dei fem åra eg har venta må no vere nok. Eg è med i måro, har jo tross alt 78 kr på konto:)

Sasi sa...

Eg trur kanskje eg har ombestemt meg til å ta den oppe til venstre i staden. Såg litt anleis ut når eg såg det sånn på nett. Ja, eg trur nok det blir den ja..