mandag, mars 06, 2006

I går vart det lille GULLET vårt eitt år gammal! Tenk som tida går, eit år sidan vi var på sjukehuset og helste på miniminiguten for første gang. Det har vore veldig kjekt å bli kjent med han, må jo alltid le når han è i nærheita. Uansett dårlig eller godt humør tek han klovnerolla si svært alvorlig og må showe litt for oss som er der. Når han et kan han plutselig begynne å gøyme seg i armen sin, og vekk er han. Kor è Sebastian? Han lagar kyssemunn eller rett og slett få den aller søtaste latterkrampen.
No è det ikkje lenge til denne lille krabaten begynne å gå, får tenner og snakke slik at vi kan forstå kva han seier. Det skal jammen bli kjekt å høyre kva det egentlig er han har på hjartet, fordi han snakkar mykje og likar å fortelje kva som har skjedd i løpet av dagen..

Ellers var det deili å vere heime nokre dagar og berre slappe av. Berre eit lite fjernsyn der ein berre kan sjå på NRK1 og ingen datamaskin med internet. Utruleg deilig å sleppe å kjenne trangen til å sjekke kva som skjer. Har nåken lagt ut eit nytt innlegg? È det nåken på MSN som eg kan snakke med? Skulle sagt nåke til Ingvill, è ho der?? Og dette skjer samtidig som eg må sjekke alle kanalane på tv, berre for å sjå om det kan vere eit kjekt program eg går glipp av..HUFF, è det rart ein blir sjuk? Eg skal bli flink å skru av. Mitt nye mål for dette året er å måle , høyre på god musikk og lese masse bøker. Skriv gjerne ned forslag på gode bøker eg berre MÅ få med meg!!

No è det sol ute, så eg må vaske og rydde i ei rasande fart og så skal eg ut ein tur. Det trur eg i alle fall..eller kanskje eg har ombestemt meg til seinare. Ikkje sikkert det è sol eingong då, men men, det vil no tida vise. No MÅ eg gjere noko viktig husarbeid- nok å gjere for å sei det slik..



3 kommentarer:

jeanette_s sa...

heilt enig kotti!! eg og blir heilt galen!... sitte berre å tenke på ken som e på msn, mens eg samtidig ska sjå ein go film, samtidig som eg ska lese det nye dagbladet, samtidig som eg må sjå ka som e på dei andre kanalane... eg blir blir sprø!!!

Monica sa...

Ferie frå multimediasamfunnet er luksus. Er ein utilgjengeleg meir enn fire timar no til dags vert det ringt naudnummer med eingang. Korleis klarte eigentleg menneske seg før denne forma for kommunikasjon vart utbreidd?

Sasi sa...

Ja, det kan du sei. Tenk før hadde vi berre hustelefon- fekk vi ikkje tak i kvarandre var det berre å vente. Men no è det heilt gale, om eg ikkje får tak i folk på mobilen får eg heilt hetta. Nesten klaustrofobi..Det è skommelt!