Går inn i det nye året med stor mage, håpet er at eg slepp å gå så veldig langt inn i 2007, begynne å få ein fornemmelse av å sprekke. Samtidig kjenne eg ein angst av at eg skal få eit lite menneske i armane som eg har ansvar for. Synst av og til eg ikkje klare å ta vare på meg sjølv, og no er det opp til meg om dette menneske får i seg mat, er varm og tørr og har det bra på alle måtar i livet. Skummelt ja, men kanskje er det det eg treng for å få orden på livet mitt og endelig sparke meg sjølv til å begynne på skule igjen, kanskje kan eg bli litt strukturert. Håpet er der og berre tida kan vise. Det er snart nyttår og masse nytt, gamalt og spanande skal skje...Drøymer om eit godt år for alle kjente og kjære..
GODT NYTTÅR!!!






Var hos legen igjen i går og ingen protein i sikte. Hadde berre høgt blodtrykk no, kjedelig. So no er eg sjukemeldt til den 20. desember og skal gjere så lite som mogleg og helst ligge masse. Men kven skal kjøpe julegavane då? Og kven skal ordne ting her heime? Merkelig kor masse energi ein kan få av å få beskjeden: "Ta det med ro!" I dag har eg vaska to maskiner med klede, vaska litt opp, vaska litt bad og laga ein pai. Eg har gjort det sakte altså, lagt meg nedpå litt innimellom og prøvd så godt eg kan. Men hjelpes meg, skal eg ligge i to veker, og enda verre kanskje heilt til termin?! Mamma seier ja, så eg håper ikkje ho les dette innlegget..(har fått i meg saft av ein halv sitron altso, so nåke bra har eg gjort;))