fredag, desember 08, 2006


Ja, eg et rå potet. Ja, eg er gravid, men kan ikkje akkurat sei det kan skyldast det. Har stort sett alltid hatt denne sære greia, men må innrømme at eg ikkje har vert avhengig på fleire år no, og så dukka det plutselig opp igjen. Håpe det går over, det er faktisk ganske slitsomt, i allefall om eg er ein stad der det ikkje er mulig å få tak i ei RÅ POTET. Det er som ein avhengigheit, får eit sug etter det- og då MÅ eg berre ha det. Kan eg ikkje få det, renn det av kjeften og suget blir berre verre og verre. Kan hende eg gløymer det eller eg kan ete ein haug med snop, berre for å prøve å gløyme.

Uff, eg er ute på skråplanet igjen, eg som var så stolt av å komme meg ut av potetHELVETET.

Tenk at eg til og med har fått navn etter poteta, Kotti Potti, som Edin var så snill å døype meg i 10. klasse, etter at Monica hadde sladra på meg og mine mørke sider. Gløymer aldri då han snudde seg og ropte ut i heile klasserommet: "Hei, Kotti! Ete du rå potet...Kotti Potti" Etterfulgt av rå latter frå både han og Monica. Etter det var eg berre Kotti Potti. Eg kan faktisk oppleve den dag i dag å møte folk der heime (som eg egentlig ikkje har kontakt med) som seir "Hei Kotti Potti, korleis går det?". Ikkje kan dei historia bak navnet, men dei kan navnet. Og no kan de med all rett begynne å kalle meg det igjen, eg må tilstå: Eg er avhengig av ei eller to råe poteter om dagen, MINST!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Haha, eg hugsar ikkje den historia om at det var slik du fekk namnet ditt.. Eg må le.

jeanette_s sa...

hihihihih... eg synst kotti potti er ganske fengjandes. eg blir faktisk svolten av å høyre det. eg tenke på potet og koteletta:)

Anonym sa...

hey, kotti potti! ja du har mykje å takke edin for! hehe.. veldig mykje! eit bedre kallenamn skal vanskeleg oppdrivast.
hugsar heller ikkje at det var det som opphavet... men, godt å få det oppklart.

Sasi sa...

Flott link der Christian:D

Anonym sa...

Herlig. Eller, ikkje. Sasi, da. Rå potet?

Sasi sa...

Jupp:D