søndag, desember 10, 2006


Enda ein sær ting...Kvart år når eg et min første mandarin tek eg meg sjølv i å telle alle mandarinbåtane før eg kan ete dei. Skjønne ikkje kor det kjem fra. Før holdt eg alltid oversikt over kor mange båtar det pleide å vere. No tel eg berre, huskar ikkje antalet, men MÅ telle før eg hiv innpå.
Det kan ikkje vere ei tvangshandling, for om eg skulle gløyme det er det inga krise, eg tenker ikkje at no kjem det til å skje nåke gale, men pyttsann. Det heng nok meir saman med at eg er tyr og dermed sterkt oppteken av tradisjonar, alt bør vere som det alltid har vore- Ikkje forandre på noko! Derfor blir det til at eg tel kvar ein mandarinbåt, kvart år. Aldri ein mandarin uten å vite antal båtar eg et nei.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Hohoi det gjer eg og. Fordi eg har partaltvangstankar og irriterar meg over mandariner med eksempelvis ni båtar eller elleve, eller båtar som har ulik form. Då må eg nesten ete dei som er tynne ilag. Og dei tjukke ilag.

jeanette_s sa...

oioioio....tvangshandling...... va ikkje det du som sa du ikkje hadde det?:)

Sasi sa...

Har ikkje Monica tvangshandlingar? Eller er det meg? For eg har skrive at dette IKKJE er ei tvangshandling;)

Monica, eg føler med deg. Du er nok hardare råka enn meg. Har egentlig ikkje problem med at det nesten alltid er 11 båtar. Og at det av og til er det vanskelig å få rett antal sidan nokre av båtane er så små. Eg tel dei før deling ser du. Men har du nokon gong enda opp med tolv båtar??

Anonym sa...

Eg også gjør det:) vi e en gjeng me psychoes!

Anonym sa...

Men det var jo før. Eller i fjor. Eg veit jo ikkje om eg har det i år, hehe. Og ei tvangstanke har eg ikkje ifølge denne artikkelen :D

http://www.helsenytt.no/artikler/tvangslidelser.htm

Men irriterar meg kraftig at det alltid er oddetal. Eg har aldri likt oddetal.

Sasi sa...

I går fekk eg ein med ti båtar:D

Anonym sa...

Hohoi! Det høyrer til sjeldenheitane!

Anonym sa...

Eg og likar best partal! Dei er mykje penare og meir balanserte.

Når det gjeld klementin et eg den i den rekkefølga den openberar seg. Og båtane skal henge saman til eg skal ete dei, ikkje spreiast rundt om kring.

No fekk eg lyst på klementin! Jippi! Men har inkje den slags i hus.. buhu