onsdag, desember 06, 2006

Var hos legen igjen i går og ingen protein i sikte. Hadde berre høgt blodtrykk no, kjedelig. So no er eg sjukemeldt til den 20. desember og skal gjere så lite som mogleg og helst ligge masse. Men kven skal kjøpe julegavane då? Og kven skal ordne ting her heime? Merkelig kor masse energi ein kan få av å få beskjeden: "Ta det med ro!" I dag har eg vaska to maskiner med klede, vaska litt opp, vaska litt bad og laga ein pai. Eg har gjort det sakte altså, lagt meg nedpå litt innimellom og prøvd så godt eg kan. Men hjelpes meg, skal eg ligge i to veker, og enda verre kanskje heilt til termin?! Mamma seier ja, så eg håper ikkje ho les dette innlegget..(har fått i meg saft av ein halv sitron altso, so nåke bra har eg gjort;))

I allefall så er eg heime heile tida no, og det er berre å stikke utom ein tur!! Gje meg berre ikkje sjokk, hødt blodtrykk må de hugse..he he.

9 kommentarer:

Anonym sa...

Når ein ikkje kan så vil ein jo gjere alt. Skikkelig teit.

Forresten så kan du ikkje ligge i to veker. Då kan ikkje du komme på juleverkstad. Men vi har sofa til deg med mandariner, sjokolade og peparkake.

Skulle gjerne stukke innom, men det kan verte litt vanskeleg akkurat no :)

Anonym sa...

Når ein ikkje kan så vil ein jo gjere alt. Skikkelig teit.

Forresten så kan du ikkje ligge i to veker. Då kan ikkje du komme på juleverkstad. Men vi har sofa til deg med mandariner, sjokolade og peparkake.

Skulle gjerne stukke innom, men det kan verte litt vanskeleg akkurat no :)

Anonym sa...

Søte lille mor, no skulle eg ønske du budde rett borti gata, så kunne eg komt innom med skive til frokost, suppe til middag og sånne ting. Hengt opp klea dine når dei var ferdig i maskina. Og ellers bidratt til det kjedelige med all min beste underholdning innnenfor kunstformer som sang, dans og turn:)

Sasi sa...

Gode du:)

Eg kjem på juleverkstad jo! Berre ha klar ei sjukehusseng:)

Anonym sa...

Legg merke til at eg ikkje bryr meg om noko anna enn juleverkstad akkurat no :)

Du skal få ei seng med masse puter i, du skal til og med få låne Nalle om det er naudsynt. Det er igrunn no du bør bu med mor di slik at ho kan gjere alt. Hehehe.

Sasi sa...

Ja, og tru meg- ho har tilbydd meg fleire gangar. Det er fristande, men må jo prøve å klare meg litt sjølv òg. Skal jo snart bli mor:O

Anonym sa...

Jammen det spelar inga rolle, alle treng litt pleie og omsorg. Eller Ploms som det heiter i forkortinga. Reis heim til ho mor, ingenting er bedre enn å vere hos ho mor :D

jeanette_s sa...

håpe du straks blir frisk!!! kan eg komme på besøk snart? lova å ikkje skremme deg...

Sasi sa...

Det er berre å komme! Eg er ikkje smittsom:)