fredag, desember 29, 2006

Går inn i det nye året med stor mage, håpet er at eg slepp å gå så veldig langt inn i 2007, begynne å få ein fornemmelse av å sprekke. Samtidig kjenne eg ein angst av at eg skal få eit lite menneske i armane som eg har ansvar for. Synst av og til eg ikkje klare å ta vare på meg sjølv, og no er det opp til meg om dette menneske får i seg mat, er varm og tørr og har det bra på alle måtar i livet. Skummelt ja, men kanskje er det det eg treng for å få orden på livet mitt og endelig sparke meg sjølv til å begynne på skule igjen, kanskje kan eg bli litt strukturert. Håpet er der og berre tida kan vise.

Det er snart nyttår og masse nytt, gamalt og spanande skal skje...Drøymer om eit godt år for alle kjente og kjære..

GODT NYTTÅR!!!

5 kommentarer:

Trine sa...

Miriam? Jente? Fine du, det kjem til å gå så bra. Alt blir rett og fint og fantastisk med ein gang magen e ute og har blitt et lite folk. Og så har du jo ein drøss med passejenter som e klare, om du absolutt ikkje klare å bytte bleie en dag:) Eg glede meg!!

Anonym sa...

Hei postei - eit lite pust frå storesøstera til Trine (som snike i bloggen din avogtil)

Aller først - for ein fantastisk fin mage du har!!

Eg ville no berre seie at det kjem så automatisk, når den lille er ute. Med eitt er det som du er laga berre for å gje varme og mat til eit lite fjon.
De to vil vere vevde saman til ei eiga verd, der alt handlar om å sove, å sjå, å puste, å vere inntil kvarandre.

Eg er sikker på at du kjem til å finne mammaen i deg - berre vent og sjå!
(men ein kan vel ikkje skyve under ein stol at det kan vere litt strevsamt iblant då..)

Lykke, lykke til med fødsel og altisammen!

Sasi sa...

Takk takk begge to, godt med nokre betryggande ord. No skal eg berre sitte å ruge og samle krefter til fødsel. Glede meg til å sove, sjå, puste med og vere inntil den lille:D

Sasi sa...

Miriam ja...hmmm, det var jo litt skummelt. Kan ikkje huske å ha laga navn på den fila. kanskje er eg i prematur ammetåke og underbevisstheita eller dataen veit meir enn meg. Men Miriamgullet, det veit eg faktisk ingenting om. Kan vere eg har fått eit slag i hovudet, har inga anna forklaring på det:S

Anonym sa...

Det går heilt sikkert fint! Eg trur du klare deg kjempebra!

Godt nytt år!