onsdag, desember 27, 2006


Og plutselig var jula og familiekosen over- sit no heilt aleine i min ringe bolig i berge, ikkje akkurat sånn ein ser for seg 3. juledag. Ferdigpizza- TRIST! Men sånn er det når ein er gravid, travelt oppteken med kontrollar i hytt og pine. Jammen finn dei på nåke nytt kvar gang, som skal sjekkast nøye og følgast med på.
Knøttet har vokst som berre det i jula, på 14 dagar har han vokst 700 gr. Ikkje verst. Julemat og pappamedisin gjer susen veit. Fortset veksten i same tempoet no kan det jo bli ein diger krabat. Jaja, det spørst jo kor lenge han blir der inne, i si trygge hole. Det minkar på fostervatn, så då er det ny kontroll rett etter nyttårsafta. Ser ikkje lenger bortifrå at han kan komme før forventa. Velkommen skal han vere!

Sit å tenkjer tilbake på jula, som var ei fantastisk tid med familie og god mat. Masse god mat. Rart kor eg saknar maten her eg sit stranda i Bergen, eg so fekk so nok når eg var heime. Håpe det blir ein tur tilbake etter siste legebesøk i 2006 for ei rolig feiring av nyttår. Alt anna enn Bergen fristar. Vil ikkje at kosen skal vere over, ikkje enda.

Fin og morosam familie + god mat + nyttige og perfekte gåvar = PERFEKT julefeiring!!!

1 kommentar:

Trine sa...

Så bra at jula har vore fin for deg og dine:) Og SÅ kjekt at knøttet snart kjem ut!:D