fredag, desember 15, 2006

I kveld går turen til sogn, med buss faktisk. Sånn er det når Martin skal hente ei gammal skranglekasse og eg ikkje vil køyre over fjellet i tilfelle snø. Likar å ha det behageleg- derfor dreg eg med meg mannen på buss. Lite populært!

Grunnen til at eg skal innover er at eg er ein av dei heldige som er invitert til det berømte julehuset på Austreim. For ei æra! Gler meg til å sjå kva Monica har stelt i stand i år, har høyrt om planane hennar i laaange tider, så forventningane er skyhøge! Eg er til og med lova rå potet om suget skal finne på å kome. Det skal bli so kjekt å komme seg ut herfra ei helg og berre vere sosial og kose meg. Uff, tenk om eg ikkje tåler å vere ute blandt folk..jaja, då får eg sikkert sitte på eit eige rom å lage julekort. Monica ordnar alt!

God helg til alle! Eg skal kose ræva av meg. Monica, here I come!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Vonar du kosa ræva av deg Kotsasi! Mi freista dette av i trappa :)

Eg hadde det iallfall kjekt. Og i dag er det snø- snart jul!

Sasi sa...

Eg kosa meg som berre det ja:D

Bedre å kose ræva av seg enn å banke ræva av seg...