torsdag, april 06, 2006

No er alle i ei fantastisk stigande påskerus, det er ikkje eg. Eg ser meg grøss fram på dei tre seinvaktene eg har framfor meg, pluss dei eg får i neste veke. Ei jobbehelg i Bergen, mens alle andre har reist heim?! OÆÆÆ, til og med Mannen reiser. Kva skal eg gjere? Synst så uendeleg synd på meg sjølv, har mest lyst å legge meg ned å døøøø. Buuuu. Nåken som vil besøke meg kanskje? Då blir eg glad igjen på eit blunk;)

Sånn nok klaging, godt å få det ut i den store verda..

Bursdagen i går var bra, mine husmorkunnskapar er godkjende av familie og ven. Det vil sei Mamma og Arin var her og ga Mannen ei tullefroskemus, men det var kjempebra- for det hadde vi ikkje. Så kom Are ein tur, det var kjekt etter gammalt. Det er kjekt med besøk, sjølv i denne lille heimen vår. Når eg får ei ny og fin leiligheit, skal eg by på kake og god mat heile tida. Alt blir så kjekt og fint over litt mat:)

9 kommentarer:

Anonym sa...

Da skal eg komme å spise kake kvar dag!!! *jaaaaaa*

Monica sa...

Kva skal Martin med den presangen? Kan ein ha øl i den? :D

Kristin sa...

WOW! Det var ei heftig mus! Martin er heldig. Eg har penn i staden for mus slik at eg kan tegne og sånn og sleppe musesykje. Forresten er den musa der vaksinert for musesykje?

Ordet mus var gjerne litt overlag mykje nemnt i denne kommentaren..

Monica sa...

Å gud no såg eg kva det var... Eg burde vore blond. Kvifor er då Kristin skarpare enn meg?

Sasi sa...

No er eg rysta over deg Monica *ristepåhovudet*

Og jaaa Trine..berre komme på kake mange ganga for dagen!!:)

Nei Kristin, det er halvt mus og halvt frost, så det er litt usikkert kva vaksine den skal ha. JOBBAR MED SAKEN.

Anonym sa...

Skjerp deg, Monica! :-)

Monica sa...

Haha. Eg er verdens teitaste. Eg får skulde på at eg er langsynt og ikkje hadde briller på ved pc.

Kristin sa...

Då blir det jo både musearm og froskelår på den. hihi

Sasi sa...

Ingen sjiting i buksa og skulde på andre her Monica..Eg ler meg skakk når eg les den kommentaren. Må lese den om att og om att:)Kan hende akkurat den setninga redda mi gråe og kjedelige jobbehelg i Bergen. Koffor må alle emigrere Bergen akkurat denne helga??