søndag, mars 12, 2006


Og so va da søndag atte. Vore med svigermor på visning og fått middag. No è det latetid framfor tv`en og ete masse usunn og god mat. Helga har vore kort og gått ekstra fort. Har faktisk berre vore helg i dag når eg tenke meg om. I måro er det jobb igjen og mange snille og gode kundar..'øhøm'. Men om eg spring masse og durar på, så går dagen i duracellfart. Etter ein slitsom arbeidsdag skal Mannen min og eg gå på kino, ja, de las rett. Vi treigingane skal faktisk ut av kottet og ut på kino. Måtte bestille billettar på nettet i dag, berre slik at vi ikkje kan ombestemme oss i måro..hah, der tok vi rotta på oss sjølv gitt! Gledar meg, lenge sidan eg har gått på kino. Vi skal sjå Gymnaslærer Pedersen, den è jo ganske omstridt og har fått mange ulike prikkar på terningen, so no skal eg ein gong for alle finne ut om filmen er bra eller dårlig. Basta. Men eg kan jo liksom ikkje tru at Kristoffer Joner og Ane Dahl Torp kan bli nåken fjasko, so det blir nok bra... Jejeje, no må eg konsentrere meg om å ete bamsemums, elle so forsvinne dei rett ned i mannemunnen so sit her ved sida av meg. Her skal det krigast!

2 kommentarer:

jeanette_s sa...

wow! ska dokke faktisk ut av kottet??? gratulerer! hihih....

Trine sa...

Va de bra film da, eller?? Eg og søs vurdere om vi skal se den..