onsdag, mars 15, 2006

Eg hadde eingang ein hamster. Det har eg ikkje meir. Det vil eg aldri ha igjen. Eg har mareritt om hamster, dei er som små overintelligente kryp, som tek over i menneskeverda.

Vi budde i Høyanger, Mannen min og eg. Vi (eller helst eg) ville kjøpe oss eit dyr. Hamster tenkte vi, tek liten plass og så er dei jo søøøte. Turen gjekk til Bergen og vi gjekk rundt og kikka og kikka. På galleriet studerte vi alle nøye, måtte jo velge den rette hamsteren. Og sidan eg har eitt oppheng i store dyr, sjølv om det var ein liiiten hamster vi skulle kjøpe, måtte jo eg sjølvsagt ha den største hamsteren. Vi reiste heim igjen godt fornøgde med ein hamster i boks. Vel heime ordna eg til buret med sagspon, bommull og alt so skal til, putta hamsteren inni og alt var såre vel. Hamsteren var berre sooo søt!

Dagane gjekk, Mannen gjekk på jobb og eg på skule. Ingenting unormalt. Men så ein dag når eg kom heim fra skule merka eg at nåke hadde skjedd. Synst eg høyrde rare lydar, litt sånn ultrastrålelyd. Lyden var så tynn og høg at eg nesten ikkje høyrde den. Eg skjønte ingenting. Gjekk bort til buret for å sjå om alt var bra, kanskje var hamsteren var blitt sjuk?! Eg såg inn, og der var blod og gørr i bommullen, HJELP, har hamsteren drept seg sjølv?? Men med litt nerare studie ser eg pluttselig at det ynglar av små hudklompar. Det gjekk ei kald iling nedetter ryggen min. Tankane svirra, feit hamster, kor korttenkt kan ein bli? Dette måtte jo butikkdama vite. Ho skal jo liksom kunne sånt. Eg fekk rett og slett hetta, ringte Mannen og sa det hadde skjedd nåke forferdelig og at eg skulle møte han i sentrum. Eg måtte ut. (Han hadde jo venta seg det verste, som at nåken var alvorlig sjuk eller døde. So ditta tok han jo ganske bra:))


Tok ein telefon til dyrebutikken og dei sa at dette skulle gå heilt fint, eg var jo så redd for at ho skulle ete dei opp i redsel. Men heldigvis gjorde ho ikkje det. Eg turde nesten ikkje å renske buret, då måtte eg jo ta i desse ekkle små vesena. Usj. Ting gjekk ettarkvart ganske bra, (ser ein bort fra den lille eg fann på golvet med skada fot. Hamstermora kvitta seg med dei svake. Kva skulle eg gjere? La han innatt i buret, såg han aldri meir igjen) dei fekk pels og vart ganske søte. Men tingen var jo det at eg var litt småskeptisk til å ta i dei, så dei var jo ganske ville..Mor var litt tam, men trur egentlig eg var litt redd for ho òg, ho kunne jo bite. Pleide å sette ho ned på golvet av og til, men det enda med at ho gjekk inn i veggen mellom kjøkkenet og soverommet. Vi vart liggande heile natta og høyre på at ho gnog inni veggen. Skommelt! Ein gang la eg jakka mi framfor holet, resultatet vart ei oppeten lomme. Ditta dyret gjorde som det ville.

Men tilbake til yngelet. Dei voks opp og vart veldig søte dei òg, Arin fekk ein lodden liten klump. Den vart veldig tam og veldig god. Eg ville ha den eine sjølv, ei svart rotte. Resten fekk eg solgt til ein dverg i Høyanger. Det tok sjølvsagt ei tid før eg fekk kjøpt eit nytt bur til denne svarte lille hamsteren. Det var ein han, og ja, ÆSJ, det vart ungar! *FRYSNING* Uff, den dårlige samvittigheita ligg i meg som ein klump. Ungane voks opp desse òg. Men det ekkle med dei var at dei gjorde ting som ingen i det forrige kullet hadde gjort. Vi kom heim fra fest ein kveld og nede i gangen vart vi møtt av fire små hamsterar????? ??? Komt seg ut av buret og ned ei trapp??

Vi var fulle og galne og prøvde å samle alle krapyla. Det gjekk med ein unge, han hoppa ut av ein isboks vi hadde fanga han i. Vart vel eten den òg tenkje eg. Dette skjedde gang på gang, dei kom seg rett og slett ut av buret. Klatra heilt i toppen, litt større opning mellom sprinklane der, og pressa seg ut- Alle sammen! Koffor kom dei på det når ingen av dei andre gjorde det? Eg fekk fnatt. Overintelligente innavla hamsterungar?! Var dei komt for å ta over heimen min? Eg hadde mareritt kvar natt, mens eg låg og høyrde på dei inne i veggen.

Nei, nok var nok. Eg fann ei stor pappeske, satte buret oppi og satt heile driten inn på ein rom vi ikkje brukte. Der stod dei. Dei fekk mat kvar dag, men ikkje nåke meir. Eg var rett og slett dritredd dei. Hadde mange tankar og idear om kva dei var i stand til. Eg måtte få dei ut, klarte ikkje meir. Fekk pappa til å reise til dvergen med hamsterungane, torde ikkje gå sjølv. Herregud, dei skulle jo sikkert ha blitt avliva..Den svarte hamsteren prakka eg på min bror Markus. Han var ikkje særleg villig, men gjekk med på det. Trur ikkje den hamsteren hadde det særleg godt, ikkje på grunn av dårleg stell, men var nok manisk deppresiv stakkar.

Då var det berre mammahamsteren att. Ho levde det gode liv, hadde fest i veggen og fekk litt kos, før ho døde stille og rolig inne i hamsterhuset sitt. Kanskje åt ho for mykje veggisolasjon.

Moralen i denna historia må vere å aldri kjøpe seg hamster. Eg høyrest ut som ein hardbarka dyreplager. Det er eg ikkje, fekk berre panikk av dei. Eg har fortsatt mareritt om små gnagarar som kjem i uante mengder og tek over. Dei er søte å sjå på, men ikkje stort meir. Kjøp heller eit bilete av ein hamster og kos deg med det. Det kan ikkje få ungar. Gnagarar er i allefall ikkje nåke for meg, nei eg skal ha hond!

8 kommentarer:

Anonym sa...

Dette er ikkje berre mi yndlingshistorie, passelig hysterisk morsom og grotesk, mamma har også den som favoritt og brukar den ofte for å underhalde litt i selskapslivet:). Eg ler og grøssa like mykje kvar gong!

Monica sa...

Ugh... eg passa ei mus eller kva det no var du hadde for lenge sidan. Men dette gjekk over alle støvleskaft. Eg skal aldri ha gnagarar heller.

Æsj.

Anonym sa...

Huff. Syns å hugse hamsterane frå Høyanger, men hadde glømt at dei vart so mange! So eg skal ta rådet ditt og halde meg vekke frå slikt noko. I huset heime i Ikjefjorden er det gnagarar i veggen uansett. Mus som ingen har invitert kravlar rundt inni veggane og finn det til og med passeleg å legge seg ned og døy der inne. Då luktar det ille ei stund. Ha veldig lyst på ein fisk, eg. Ein sånn liten og blank som skal ha mange vennar og bu i eit akvarie i stova mi.

Monica sa...

Ja det vil eg og ha! Det skal vi faktisk ha trur eg. Sjølv om ånnasen vil ha ein hund som sikkert eg alltid må passe sidan han berre er ute og som eg ikkje klarer sette grenser for fordi den er så fin, liten og sjarmerande.

Då er det betre med fiskar i eit akvarium som kan kan vere underholdningsobjekt og vakre å sjå på.

Så var det det at "Finding Nemo" er yndlingsfilmen då.

jeanette_s sa...

dissa hamsterane dine i høyanger va monster rett og slett.... fyttikatta!!

Sasi sa...

Det har eg! Fisk fungera veldig godt, dei berre er der stille og rolige. Vandrar ikkje ut av akvariet og inn i veggen. Eg skal kjøpe meg fisk som får masse ungar, i likheit med hamsteren. Uff. Men desse blir ikkje like intelligente.
Då er det berre å komme og hente fisk. For dei blir MANGE.
Men det går an med fisk og hund altso. Det håpa eg- for det vil eg òg ha.

Sasi sa...

Trine: Eg visste ikkje at ditta va ein historie kjent i heile landet...men det è jo ufatteleg morrosomt...morro...morrrrosooomt. hehe

Anonym sa...

Hehe, dødsbra;)¨

Ja til HOND!