torsdag, februar 16, 2006


Kva er lykke for deg? Som regel synest eg det er vanskelig å svare på eit slikt spørsmål. Men når eg satt på bussen her om dagen slo det meg plutselig, eg veit akkurat kva som er lykke for meg. Eg er lykkeleg når eg kjenner ei deilig lykkekribling bølgjer seg gjennom kroppen. Det er ei kjensle som berre dukka opp, ein veit ikkje kor den kjem frå og heller ikkje kor den blir av. Den dukka opp, berre for å sei; HEY, eg è lykkeleg!

Eg hugsa før i tida, då eg enda budde heime (eller då alle budde heime). På lørdagane var alle heime (stort sett). Huset var reint og ryddig, graut med heimelaga saft og alle var fornøgde- det va jo helg! På formiddagen styrte alle med sitt, men vi visste at når kvelden kom vart det samling framfor tv`en. Då fekk vi lørdagsgodteri likt fordelt i kvar sin kopp, chips og brus. Når alt detta va oppete, eller spart på, var vi alle klare for pappa sin heimelaga pizza. Etter mykje god mat og godis vart alle liggjande framfor fjernsynet (bortsett fra mamma som av og til heller ville gjere nåke anna, som å vimse fram og tibake framfor tvskjermen) og vi såg alt - heile lørdagspakken på NRK1. Akkurat kva det var, var mindre viktig, det viktigaste var at vi alle var samla og koste oss saman. Det merkast alltid om det var ein eller to som ikkje var der. Det enda som regel med at alle sovna, i alle fall mamma, pappa, Markus (lykke for han trur eg må vere å sjå på tv til han sovna) og meg sjølvsagt. Isak og Arin trur eg var meir uthaldande. Etter ein lang og rolig dag kom alle seg vel i seng (litt tvilande om Markus kom så langt).

Men i alle fall, ein slik dag er eit perfekt eksempel på når den rare og ubeskrivelige gode lykkekriblinga kan dukke opp. Det skal ikkje meir til. Berre små gleder i det daglege, treng ikkje å vere nåke spesiellt- EIN ER BERRE LYKKELEG og det er godt! Det er den beste kjensla eg veit om..

2 kommentarer:

Trine sa...

Lykke for meg er å ha gode venner som kjem med plantar utanfor kjøkkenet mitt på seine nattestider.. Men eg er enda meir lykkeleg når eg er vaken og kan leike med dei;)

jeanette_s sa...

Eg ve ha ein mann eg... ikkje ka som helst mann heller..