onsdag, februar 09, 2011

Tobiasguten sit med blanke auge og raude kjakar i sofaen, med dyna rundt seg. Tuva styrer på, babler og klatrer på stolen, ho flyttar på bordet og plagar broren som er sjuk. Eg sit her på dataen og tenker at det snart er leggetid, og at Tobias må få noko for hosten. Først må eg rydde kjøkkenet, sette på vannkokaren for å lage kvelds til Tuva. Tobias skal sikkert ha smoothie. Har mest lyst til å strikke litt, eller lese litt pensum, men må tømme kattedoen, gi katten mat, pusse tennene på ungane, skifte bleie, vaske dei, lese, synge, alt det der. Må berre sitte her litt før det startar, berre litt må eg sitte her og observere, eg må nyte at Tuva har teke seg ein liten pause fra bablinga, og at Tobias er såpass dårlig at han ikkje maser om alt og ingenting.....DER må eg røyre meg, kveldsrushet er igang!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe! Bra Sara, you`re the one! alg

Ragnhild sa...

Nydelig beskrevet, kjenner det som om dets kulle vært mg selv!