torsdag, mai 13, 2010

Har tatt meg to halvlitere, og etter ein tur på Lyderhorn i solsteik kjenner eg at øla har sin virkning. Høyrer på Datarock, mens eg saumfarer facebook etter spanande statusar. Fant ingen, og enda derfor opp med å skrive eit nytt innlegg her på moonchildbloggen min.

I helga var eg på Balejazz, i fint vèr med gode folk. Vi levde livet, for meg eit liv eg ikkje har levd på lenge. Vin og fjas til tidleg morgon, og sjølvsagt djupe og gode samtalar. Det gjer godt av og til, men tar på sidan ein ikkje får sove særleg lenge dagen derpå. Vi var trøytte og ganske hjernedaue, men akk så morosamt vi har det då. Eg hadde plutseleg berre gutar, vi lovde gule og grøne skogar, persika blei ein frukt, men kva frukt? Altså, vi har ledd mykje av ingenting.

Livet i sogn ein dag i mai er herleg. Fjelltoppar med nysnø og turkise fjordar, og skogar som er i startfasen av å grøne seg opp. Vakkert!

Taximannen Terje blei vår beste ven, all ære til denne mannen som gjorde alt for oss, han tok oss til og med på hjorteseigthseeing. Snille mannen.

Datarock var konserten vi kom oss på, derfor ei lita dilla. Ein fantastisk konsert med mykje hopping, "synging" og klapping. Eg rettar ein stor takk til ein snill mann, som fekk oss på gjesteliste!

Stikkord er stikkordet her, punktlig og fint. Skål!

2 kommentarer:

Trine sa...

Hahaha! Persika er jo ein frukt, men eg trudde det var et bær :D Nydelig innlegg, dei blir alltid best når ein er på ein snurr. Som så mykje anna :)

Sasi sa...

Stemmer det; persika blei eit bær, men kva bær?

og fjell og fjord og grøne trær og og og