Det er søndag. Eg sit og tenker på alt eg skulle ha fått gjort no mens Martin er heime. Ingenting blir gjort så lenge eg brukar tida mi på Babyverden.no, Facebook. com og bloggen min. Tida flyr. Snart er søndagen over, og det einaste eg har fått gjort av ikkjenettverdenting er å spise kakerestar fra 17. mai. Er det rart pila på vekta stig og stig? Neppe. På mandag begynner vannmelondietten min. Det vil sei om kakene er vel fordøyd innen den tid- synd å kaste.
Vannmelondiett er ifølge ein pakistansk lege det absolutt rette for oss ammende. Spis masse vannmelon i løpet av dagen. Dette skal auke mjølkemengda, og ein slepp alt det andre bosset ein stappar i seg i løpet av ein dag, so kroppen begynner på dei godt oppbygde fettlagera mine. Håpet er at mage, rumpe og lår skal krympe. Lenge leve håpet. Har ein heil vannmelon liggande på kjøkkkenet, og berre ventar på å bli kutta opp. Kjem eg til å bli lei av vannmelon? Kjenner eg er lei allerede no, etter å ha skrive ordet vannmelon fem gangar i dette innlegget. Lykke til te meg!

1 kommentar:
Hehe, lykke til. Fnis.
Legg inn en kommentar