tirsdag, mai 22, 2007

Guten min har sove lenge no *bank i bordet* Blir heilt rastlaus eg no, veit ikkje kva eg skal te meg til.
Var på Ikea i går og kjøpte skap som skal henge over senga, har opna eine pakken, dradd alt utover golvet, men mista piffen, og måtte ta meg ein pause ved my computer . Sånn kan det gå gitt.

Har så mange planar og idear no at det går heilt i spinn oppi topplokket. Og så får eg ikkje gjort så mykje med ein lite krøll i hus. Det hjelp jo ikkje akkurat at eg sit her og skravlar, mens han søve og drøymer søtt. Men korleis i alle dagar skulle eg vite at han skulle sove lenge i dag då?!

Mine planar er altså: montere skap, henge dei opp (SnikkarAre kom kom), henge opp nye orange gardiner på soverommet, rydde minirommet ved soverommet og lage babystasjrom til min kjære minimann, legge fliser på altanen (flisene står her og ser veldig fine ut i grå kartongar), fikse gardinsnora i stova så gardinene endelig kan henge rett, pluss kjøpe nye gardiner, tapetesere midterste gangen, henge opp tv`en, finne meg ein gammel kommode eg kan pusse opp og ha i stova- under tv`en, henge opp bilder, male bilder, kjøpe golvteppe til stova, henge opp hyller og "klesstang" i gangen, ja som de skjønnar vil denne lista ingen ende ta. Så her sit eg, skravlar på nett og utset alt av praktisk arbeid.

Kva skal ein med ein mann?! (når han nektar å jobbe for meg:P) :D

1 kommentar:

Anne Liv sa...

Ok, no DAUER eg!!!!!!!!!!!!!!!