Då har eg endelig litt tid til å skrive, lenge sidan sist no.
For det første så har dataen vert svært sjuk, så sjuk at vi har måtte få ny harddisk, det var ille. Men faktumet er at det faktisk går an å venne seg til å vare uten pc, så når den endelig blei frisk igjen har eg ikkje tatt meg særlig masse tid til samvær med min lille svarte.
Og for det andre hadde eg fått meg eit nytt liv ei stund. Sex and the city. Jepp, eg har levd meg inn i ei verd med nye folk og ein fantastisk by, som eg lengta sterkt etter å komme tilbake til.
Eg har levd mitt liv gjennom nokre simple dvd`ar, ein rosa boks fylt med dei faktisk. Det har vert moro. Livet var herligt. Men i dag skjedde det uunngåelege, eg satte siste plata i dvd- spelaren og naut dei siste fire episodane. Siste episode sugde eg inn i sjela og no, ja no er livet tomt. Ser trist bort på den rosa boksen og draøymer om at det skal komme fleir, eg vil ha fleir boksar som er fulle av fantastiske episodar med gjengen...
Akk og ve, kva skal eg finne på no? Blir nok mange turar i regnet framover, berre for å understreke kor fælt det er:D
Nei...*ta seg i nakken* No skal det bli andre bollar her.
Tobias blir meir og meir vaken, han snakkar og smiler som berre det og det skal vi nyte. Vi skal leike, synge å le...
Har vore så heldig å bli tante igjen sidan sist. No er det to små gull inne i sogn, som veks og lærer alt ein må kunne. Det skal bli meg litt av ein bande. Bastian, Bias og Gelika:D
Jenta heiter Angelika og er ei perfekt lita prinsesse. Skal sjå ho klarer å tvinne heile familien rundt lillefingeren.
Livet med barn er fantastisk, ein må berre suge alt til seg- for ein ting er sikkert, dei veks skremmande fort!
Har forresten hatt masse fantastisk besøk i det siste. Det lønna seg å få baby på mange måtar. No har eg møtt kjære vennar eg ikkje har sett på år, det har vert kjekt!
Ditta vart ei oje smørje, men sånn kan det gå...har fått skrive eit nytt innlegg, kryss i taket for meg
X