onsdag, januar 03, 2007

I dag har eg slengt på KK nesten heile dagen, masse venting gitt, gløyme meg klarte dei òg..takker og bukker. Men snille meg berre smiler og seier at det går heeeilt greit. Grunna vel kanskje i at eg faktisk ikkje har noko bedre å ta meg til enn å teste ut alle stolane i gangen der oppe, så det VAR faktisk greit å bli gløymt...

Vente er eit stikkord for meg framover *V*E*N*T*E* (tolmod)

Etter at eg endelig kom til på dei ulike stadane (jordmor og deretter lege og ultralyd) gjekk alt fint. Fine prøvar og beibi (som eg no veit kjønnet på...edda bedda) som er festa godt nedi bekkenet til mor...AU! Klumpen lika seg veldig godt på venstre side av magen, så den (magen altså) er heilt skeiv og eg måtte dytte litt for å få puste etter middagen i dag. Ein smule rart å dytte og flytte på noko som er inne i magen min og romsterar.

Beibien min har det bra- og kan berre komme ut! *Komkomkomkomkommeut*

Dette har visst blitt ein gravidblogg, ber over med meg. Dreiar seg ikkje om anna her for tida. Snart blir det ein beibiblogg:D Hoho (monica, du må berre lære deg å like små troll:))

3 kommentarer:

Anonym sa...

*gleeeedesegtilbeibiblogg!!!*:D

Anonym sa...

Alle ungar er sjølvsagt ikkje teite... Hmm..

Kjempebra at det går bra med deke begge!

Anonym sa...

Lykke til med venting! Og sov mens du endå kan! hehe