fredag, mai 19, 2006

Vil herved takke alle mine kjære vennar og bekjente for gratulasjonar på min bursdag. Føler meg stor no.Vil òg takke min fantastiske familie som samla seg og laga masse god mat og la til rette for at eg kunne sitte på ræva og få i meg nåke godt heile dagen. Gjer ingenting at det er dårlig vèr ute når ein kan sitte inne kose seg ein heil dag. Takkar også for gavar som alle kom godt med:D

Treng ein slik oppkvikkardag. Er lei av å bu i eit kott og vil ha meg ein ny heim. Vi er på leit, men finn aldri noko som vi kunne tenke oss og kjøpe, eller det vil sei at det finn vi ofte, men prisen stig langt over hovuda våre (og Martin som er så høg- til inga nytte:))
Men eg ser fram til den dagen eg kan flytte inn i mi eiga leilighet, ja min og Mannen sin. Har alt begynt å kjøpe tin og tang, som t. d. frø og blomsterting til å ha det i. Så terrassen min, kvar er du?
Problemet er berre at eg kjem til å sitte med så mange ting til slutt at eg må kjøpe eit hus. Det kan bli eit problem sidan vi ikkje akkurat er rike. Jaja, likar å tru at det snart er vår tur (forhåpentlegvis i sommar) og at den leiligheita som er der for oss står og ventar. Min gode heim. Då er alle hjarteleg velkomne på vaffler, kakeselskap, middagsselskap, berre selskap eller ein skikkeleg alkofest. Gler meg! *DRØMME*

5 kommentarer:

jeanette_s sa...

eg gleda meg stor til å komme på besøk til deg i den nye fine leiligheita di!!!! kanskje Are kan bygge eit hus til deg og Martin?

Sasi sa...

Ja, det bør ha! Han ska få øl, så er det nok i boks:)

Trine sa...

Eg er klar for å komme på alle slags selskap! alko, vafle, film, rølpis, blomsterplantings.. Jepp! hold ut, drømmeleiligheten kjem når tida er inne:)

Kristin sa...

Skummelt dette med kjøping... Prisane berre stig og stig. Nett no gjekk ei slik leil. som vi har for 500 000 meir enn vi betalte. Då hadde vi faktisk ikkje hatt råd. Berre flaks vi fekk denne.

Det har ein tendens til å plutseleg ordne seg.. Eg håpar verkeleg de får oppleve noko anna enn kott snart! Ganske snart! Og hugs ikkje bli så desperate at de tek kva som helst.. :)

Sasi sa...

Vi finn nok ein heim snart, håååååååpe eg!!

È du Kristin fornøgt med din??