onsdag, mai 24, 2006

No skal eg egentlig pakka, men eg orke ikkje. Eg skal vaske opp, men eg orke ikkje. Eg skulle nok ha rydda å vaska kott, men det orka eg i allefall ikkje. Eg MÅ renske akvariumet, snart ikkje meir vatn igjen og det è jo litt av poenget, men eg orka ikkje. Det einaste eg orka er å sitte framfor tv`en og sjå alt mølet mens eg et middagsrestar og drikk vatn. (Vatn som fiskane egentlig burde fått)

Seinare i dag/ettermiddag/kveld skal eg sitte i bil. Eg skal til Oslo i konfirmasjon til mannen sitt søskenbarn. På fredag skal vi sitte like lenge, om ikkje enda lenger og fare til sogn. Der skal eg i dåp til lille Karoline. Det blir mykje familie, mat og fjas. Shit! Kom på at eg kanskje skulle ha prøvd bunaden min i år, besta har jo prøvd å hinte frampå om at eg må finne ut om bunaden min må syast inn ELLER ut i år. Gudane veit ka ho meinte med det. Bunaden skal pressast på om den vil eller ei og eg veit no nåke anna som skal vekk før vi går til verks og syr i bunaden. ALDRI sy bunad ut! Merk mine ord.

Og sola held seg milevis vekke i dag òg, håpe dei er bedre stilt i Oslo. Dei skryt jo alltid av fìnvèr der borte, så då får dei vise oss no..

Jeanette! No blir eg vekke heilt til søndag, håpe eg blir tilgitt for at eg ikkje har moglegheitar til å oppdatere bloggen min i dette tidsrommet. .Ellers lykke så veldig masse til med oppgåvene!!

4 kommentarer:

jeanette_s sa...

ok. Det går greit søknaden e innvilga.og ellers takk for lykkeønsking!

Trine sa...

Bestemødre skal no alltid meine ting om vekta vår. "åå, du e så lubben og fin". Ja, tusen takk, du.

Kristin sa...

Oj, lykke til med maraton på kryss og tvers av Norge helga! Det er ein smule treigt å køyre over alle desse fjella.

Eg sydde ut bunaden kort tid etter konfirmasjonen.. Var sjuk og unormalt tynn då den vart laga. Heldigvis passar den framleis. I alle fall før middag...

Monica sa...

Hmm, eg trur eg har ein stretch bunad for den har passa alltid uansett om eg har vore femten pluss eller minus..

Lykke til med farting og erobring av vegar med varierande kvalitet.