mandag, mai 29, 2006

Dette har vert meg dei siste dagane, sitte og ete kake i bunad. Legg merke til at eg sitt lett bakoverlent, kan ting tyde på at eg har ete ei stund?

For å sei det sånn, eg har IKKJE lyst på kake i dag. To harde kakedagar på ei lita langhelg tar på og eg trudde ei stund bunaden vart utvida. Den 2. bunadsdagen var vel realistisk og fortalte meg at bunaden slettes ikkje var utvida, ikkje litt eingang. Men skal ikkje klage, bunaden passa i år òg og håpet è at den sklir fint på til neste år òg:)

Kyrkjegangen har vert litt hard for meg. To ganga i kyrkje på få dagar?! Nei, eg er ikkje blitt omvendt og nei eg gir ikkje kollekt, uansett kor lange talar dei held om dei stooore gåvene vi må gi. Måte på frekkheit. Bruke ein konfirmasjon til å tale i lange banar om kva dei skal bruke pengane sine på og gni seg i hendene. Fysj, smeltar ikkje meg må dei tru. Eg har ein bærebjelke i auget må vite.

No har kvardagen starta igjen, den har ein tendens til å komme igjen og igjen. Eg som gjer alt for å unngå den. Jaja, nåke gjer eg gale, den er no her og kakene skal av og jobben ventar. Gje meg styrke til å klare å smile til kundane i dag!

5 kommentarer:

jeanette_s sa...

hihih...somoro! trudde du har blitt omvendt eg:)

Monica sa...

Heilt einig. Ikkje gi pengar! Eg har ingen skruplar med å sende pengedingsane forbi meg. Eg kom ikkje for å gi gave.

Sasi sa...

Nei og ikkje er eg medlen eingang, så koffor F... skal eg støtte arbeidet deira??!

Sasi sa...

Det skal eg ha på eit skilt rundt halsen neste gang:)Kanskje eg slepp heile gudstenesta då...haha

Kristin sa...

Kollekten (ekkelt ord) går jo som oftast til heilt nytteslause ting som indremisjon og omvending av folk i fattige land som sikkert har det minst like bra med si noverande tru. Lat posen passere.