Jippi Jai, eg er blitt voksen og eigar av mi eiga leilighet. Mannen og eg då sjølvsagt. Det er så ufatteleg deili å få seg nåke eget og ikkje minst komme seg ut av dette kottet på loftet av ein kald bygård på Landås. No skal eg bu i 9. etg. i eit høgt hus i Loddefjord. Det blir litt utanfor sentrumområdet, men det er ikkje langt med bussen- so det er berre å komme på besøk! Sjølv har eg ikkje sett leiligheta anna enn på bilder, det var Mannen og mora som var på visning, men stolar fullt og heilt på dei:) Ellers så er alt anna bedre enn der vi bur no. Skal bli så deili med oppvaskmaskin, endelig blir drømmen min oppfyllt. DU KJÆRE OPPVASKMASKIN!! Det blir masse nye og dyre innkjøp framover, så no fyk alt av skattepeng, sparepeng og bilen min, men men, det blir luksus med t.d. frys (har levd uten nåken mnd). Der er også ein vinterhage som nesten blir som eit ekstra og lyst rom. Når det er sol kan vi skubbe vekk vindaugene og vips vi har ein terrasse (beklager om det var feil, kan ikkje forkjellen på altan, terrasse, veranda.....likar vinterhage bedre). Johoooo!
No får eg berre høyre kor voksen og etablert eg er og det verste er at Mannen har volvo, så no kan eg sei at vi har "hus" og volvo...HJEEEELP! Men dei som har sett volvoen og kjenner oss kan vel tenke seg om fleira gangar om kor voksne vi egentlig er. Eg føler meg i allefall ikkje særleg voksen. Men eiga leilighet har eg....JOHOOO...*PLANLEGGE*
6 kommentarer:
Gratulerer med eiga leiligheit. Frys og vaskemaskin og alle vaksentinga. Eg er misunneleg på vinterhage og kven bryr seg om kva det heiter, du har det iallefall. Hurra, hurra og jippippi :D
Det e så bra, og kjekt og fantastisk! å, heldige du! men eg e heldig og, for eg skal til syden om bare en liten prikk:)
Gratugratulere! Juhuu! Måtte livet i Loddefjord bli vakkert og renteauken minimal! Og ikkje minst mykje sommar i vinterhagen!
Jippii!! Gratulere so mykje me leilihet!:)
gratulerer!!! men du, volvo?? går eigentlig råne volvo under kategorien "voksenbil"???
Nei, det var det eg meinte. Trøste meg med at det er ein gutteleikebil:)
Legg inn en kommentar