søndag, mai 21, 2006

Enda ei helg er over, korleis kan tida gå så fort?
No er det to dagar med jobb (sein som vanlig) og så reiser vi østover. Der blir det bunadstas og tjo og hei før turen går heimatt til sogn og enda meir bunad og tjo og hei. Etter det veit eg faktisk ikkje kva eg skal gjere. Kanskje eg berre skal gå rundt i min fine bunad resten av året. Eg likar å gå med bunad, kjennest som eg er tilbake i gamle og gode dagar, før mi tid vel og merke. Men eg likar å tru at eg levde på den tida og kan drøyme tilbake på korleis det var å gå i kjolane dei/ vi gjekk med. Hadde vore så fantastisk om vi kunne gå kledd slik no òg. Side, tunge kjolar med korsett og bling blong på. Ein kjenner seg så praktfull og elegant. Eg ønsker med dette å få motene til å gå heilt tilbake til 1897 og ikkje berre til 50- talet. JA! Eg vil vere ei kjolejente på ball:)

4 kommentarer:

Kristin sa...

Eg vil og på ball! Med kjole som skubbar puppane (eller er det mageflesket) heilt opp i halsen og stort skjørt. Krøllar i håret og gjerne ei vifte. Sukk. Og elegant konversasjon på eit høgt plan.

Sasi sa...

*DRØMME*

Trine sa...

Å, samme vil eg! Søstrene og eg såg little women i går, og drømte oss vekk i metervis med skjørt og krølla oppsatt hår:)

Monica sa...

Ala mr. darcy..