søndag, mai 07, 2006

Det er sommar og sol. I går fekk eg endelig helg sånn utpå kvelden, Martin var i utdrikkningslag så eg måtte jo finne på nåke lurt. Då var det ikkje vanskelig å hive seg med på grilling og ein smule alkohol i Nordnesparken. Jeanette, Synnøve og Ole Thomas sat der så fint når eg endeleg fekk somla meg utover neset. Trine kom sånn etterkvart etter å ha vikla seg ut av konfirmasjonsfeiring. Vi åt hamburger, snakka og høyrde på mannen i treet som spelte gitar og song så fint. Det vart i allefall fint sånn etterkvart. Mørket seig på og den fulle parken var nesten tom. Vi holdt ut og fann oss ein finfin plass å tømme oss, sånn ca imellom nokre spede busker. Noko som enda i utskjelling av ein forskrudd nabo, men visse enda satt nede. Pinlig! Men det blir no i allefall ei minneverdig oppleving om ikkje anna. Trur ikkje vi lærde ei lekse for å sei det sånn. Hallo?! Kva skulle vi gjere då? Og mannen hadde tydeligvis spionert på oss ei stund, ekle ekle mann!!

Takkar frøken pinne og den svarte pusen som ville holde oss med selskap.

Vi somla oss etterkvar bort på Garage, men derfrå var ikkje vegen lang til taxiholdeplassen og heim til Mannen, som ga seg nokre timar før meg (må seiast at han begynte sånn ca ni timar før meg).

Gledar meg til neste tur i parken, håpe det blir snart!

Kjekke folk:)

2 kommentarer:

jeanette_s sa...

scjæmpekjekk fest! eg gleda meg te helga!

Anonym sa...

EEG OG!!!! JJAAAAA!