tirsdag, mai 23, 2006

Det er kaldt og jævli og eg er blitt forkjøla. Er det ikkje sommar no? Alltid skal det komme litt sånn hei-her-er-sommaren-vèr og minne oss på at det faktisk kan vere varmt i Norge også. Men like fort som finvèret har vist seg så forsvinn det og det blir iiiisande kaldt. Eg sit no og tenke, som kvart år, blir det ein varm og fin sommar i år? Når eg ser tilbake på optimismen som har råda i åra før om at det blir fint i mårra, og det aldri blei det før i august så veit eg ikkje om eg orka å sitte å vente. Derfor har eg satsa på sol og varme i august og tatt ut ferien min då. Håpe det ikkje slår feil, fordi i år skal eg ha sommar, sjølv uten den årlige sydenturen!

3 kommentarer:

Trine sa...

I august skal vi reke gatelangs og danse i parken og det skal vere sol 24 tima i døgnet:)

Monica sa...

Stakkars Kotsasi. Eg hadde bestillt sol i dag slik at eg kunne gå tur, men trur du ikkje at det regna? Derfor må eg ete sjokolade og bli med på slankefarmen i staden for å gå tur og bli tynn. Urettvist..

Og ja, sol på den tida trur eg på og. Dei siste seks sumrane har det ikkje vore mykje godver.

Kristin sa...

Eg hugsar kun dei delane av sommrane der det har vore sol og bading. Resten er sletta trur eg. All sommarjobbing og regn og surt er borte vekk.

E einig i at naturen e slem som lure oss med supervarme dagar for så å sende vinteren i retur. Kva med noko midt i mellom?