mandag, april 03, 2006


Eg savnar eit dyr. I dag har eg vore inne og sett på omplasseringsdyr. Alt ein kan få tak i altso. No har eg lyst på Chinchilla, hund, katt, litt kanin og ja, berre nevn eit dyr så vil eg sikkert ha det.

Men mest av alt har eg lyst på ein hund. Like før eg flytta heim til Kvamsøy berre for å kunne ha ein hund. Men det kunne blitt litt stusseleg etterkvart, berre meg og hunden. Nei, eg får nøye meg med akvariet så lenge. Så får eg berre drøyme vidare. Og det gjer eg, til gangs..

På lørdag ga eg støtte til kattens vern. Skulle gjerne hjulpe meir, med t.d. å hente eit par kattar som kan bu hos meg. Heilt greit. Må berre finne meg ein ny og større heim. Ein katt ser eg på som ein sjølvsagt sambuar, så koffor ikkje hjelpe dei som treng det aller mest..

Har problem med å vente no, dyresaknet snik (som de skjønna) seg kraftig innpå meg no. Ein dag skal eg nok ha katt, hund og alt eg måtte ønske. Mannen får litt angst no, og trur nok mamma ristar oppgitt på hovudet, men slik er det. Eg er og blir dyrofil. Det er ein grunn til at eg blir mobba for å snu meg etter hundar i staden for menn på gata, slik er det og slik kjem det alltid til å vere. Ingen kan omvende meg, ikkje eingong kyrkja eller paven.

14 kommentarer:

Trine sa...

Vil du ha hamster? *fnis* Eg vil også ha dyr! Kattepuuuuus!

Monica sa...

Anbefaler deg ein hamster eg :D Her er det snakk om ein hund snart visstnok. Eg er sjølvsagt skeptisk. Eg klarar ikkje oppdra nokon som legg hovudet på skakke og ser på deg når du skal kjefte..

Sasi sa...

Absolutt ein hamster, det var akkurat det eg tenkte på:) Nei, i første omgang vil eg ha katt. Må berre få meg ei leiligheit der katten/kattane kan gå ut og inn som det passar den/dei. Etter det blir det hund.Planen klar. Spørs berre ka Mannen synst om denne fine planen..

Anonym sa...

uff...eg e blitt ein sånn person som seier ting men ikkje gjer det...skam seg...men no love eg at eg skal begynna å kommentera på di side og, kryss-på-halsen! Eg óg ELSKE dyr,spesielt katta :p Kjenne forresten eine som drive heimesida til Kattens Vern.

Sasi sa...

Du er tilgitt Cecilie:)
Kjenne du virkelig ei i kattens vern?! Eg har jo blitt så flink å støtte dei og flinkare skal eg bli!! Jepp, skal bli den store kattehelten i by`n!:)

Monica sa...

Eg og snur meg etter dyr, eller igrunn berre hundar..

Anonym sa...

Han e berre med å drive heimesida, men ja det gjer eg :) Ska sei te han kor flink du e å støtte dei!

Anonym sa...

Kjenne og kjenne, har hørt du har gjort meir enn bare å kjenne litt på den kattemannen, Cecilie! *hehehehe*

jeanette_s sa...

ok, no kjem alle te å hate meg, men eg synst "kattens vern" oragnisajonen e tull og flåseri!!!!
Gje heller penga te nåken som verkeleg treng dei. Katta har vi nuk av.

Kristin sa...

Du kan få kjøpe ein frisk og fin hest av meg. Du kan ha den på badet :)

Ellers e kanin eit veldig koseleg dyr å ha i hus. Stille og forsiktig, et ein del husholdningsavfall, tørr drit som er lett å plukke opp. Men gjer seg best kun ein og ein...

Sasi sa...

Kanin è kjekt, det hadde eg ein gang. Hest har eg lyst på, men veit ikkje heilt korleis eg skulle klare å holde liv i den. Og Jeanette: Kattens vern jobbar faktisk med å kutte ned på kattebestanden, derfor treng dei peng til sterilisering og kastrering. Kanskje du skal støtte likevel?:)

Anonym sa...

Fy Trine...du kan ikkje skrive sånn på ein blogg...*rødmerødme*

jeanette_s sa...

Forstå meg rett,eg elska dyr,og katta. Men når det e so mange som svelt på denne jorda, so vel eg heller å gje penga te dei som verkeleg treng dei.

Anonym sa...

Veninna mi har ei veninne som påstår at born er substitutt for kattar...
Interessant tanke, vesle pusungen min... Mum