"Call her moonchild, dancing in the shallows of a river, lovely moonchild, dreaming in the shadow of the willow."
mandag, mars 27, 2006
Fin helg! Fine jenter, gode jenter, artige jenter, søte jenter, panneluggjenter, to brune jenter og ei blondine, matglade jenter, jenter som ikkje kan ete smågodt uten å skjære bitane i to, jenter som et ostepopp med gaffel, jenter som drikk og drikk, jenter som ler masse, jenter som har det fantastisk ilag, jenter som kosar seg med felles sminking i ein spegel med dårlig lys, jenter som prøver masse klèr og som skiftar ofte, jenter som fjaser, jenter som snakkar om rare ting, jenter ein kan stole på, jenter som ikkje kan slutte å snakke når dei skal legge seg og ringer til dei i naborommet, jenter som drit i det som blir sagt om å gifte seg og få barn- at livet tek slutt, jenter som likar å drømme om ei fantastisk framtid- med karandre og med menn og barn, jenter som riggar seg til for å sove i ein toseter når vi er ute, jenter som likar vin, jenter som likar øl, jenter som likar vatn, jenter som tek syrtec (jenter som ikkje veit korleis det skrives), jenter som fniser, jenter som er misstenkeleg fnisestille på badet- jenter som klipper pannelugg i fylla, jenter som tek på seg eit tonn lipgloss, jenter som er spreidd rundtom i landet, jenter som burde vore samla i Bergen slik at vi kunne ha ei slik fin samling kvar helg, jenter eg ikkje veit kva eg skulle ha gjort utan, jenter eg plutselig har ein haug med bilder av- ca 180, jenter med humor, jenter, jenter med humør, jenter som ikkje kan bestemme seg for kva sko som è lure, jenter som snakkar om ting ein ikkje er fornøgm med hos seg sjølv, jenter som treng hjelp til å sette inn øyredobbar-"har eg fortsatt hål der?", jenter som berre lar Kristine klippe håret sitt, jenter det er hårspor etter i heile huset, jenter som passar på å dokumentere heile kvelden, jenter som lagar fantastisk mat, jente meg fantastisk mor og bror- som åpnar huset for oss galne jenter, jenter som knuser rougen sin, jenter som har røykepause i tøfflar og tjukkelabbar i joggesko, jenter som stylar, jenter som plystrar, jenter som alltid vil vere der for kvarandre- uansett kvar i verda ein skal finne på å reise, jenter som alltid fjerner sminke og pussar tenner før dei tisselaller, jenter eg er veldig glad i, og jenter eg savnar veldig no! Jenter som snart må reise til Tromsø for å klippe håret sitt att..Gler meg til vi alle er samla igjen Superjenter!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
Å for ei kosleg og herleg helg :D
åå! Så kjekt vi hadde det:D, og såå masse eg savne dåke alle sammen:( glede meg til å sjå alle bildene! Kan vi dra til høyanger neste helg også? Buuhuuu!
jee!! vi e superjentene vi ja:) eg trilla nesten forsatt ette all maten, smågodt raudvin og øl.....mmm....
ps. kotti. eg likte ikkje bildet av meg usminka!:( eg såg ut som, ja, ei fjellgeit:)
Gode jenter, og mi store prinsesse! Gler meg med dykk og vonar de finn rom til å leike saman langt fram i tid!!! Og Monica, du må hive deg med, sant?
Mamma
Tek oppfordring til mamma, hihi, stilig med ei mamma som meistrar nettet, og inviterer alle til valfri helg på sommaren eingang med grilling og liknande. Min heim er alltid open for nesten kven som helst. Hmm.. kom på at det eigentleg er ånnaskjærasten sin heim.. Men det gjer jo sjølvsagt ikkje store forskjellen :D
Legg inn en kommentar