søndag, februar 26, 2006


Når ein har vore sjuk i nesten ei veke då è det mykje so flyt ut. Ein ligg for eksempel etter på matfrontet, ikkje mykje so går ned og heller ikkje lett å få tak i ny mat, sidan ein brukar det lille ein har av energi til å komme seg på do av og til. Men då è det veldig godt å ha ei mamma som handlar og dullar. Hadde det ikkje vore for ho, hadde vi nok ikkje vore her i dag..snufs.

Andre ting so skjer elle ikkje skjer è oppvask, klesvask og diverse andre ting her i heimen. Det vetle badet vårt blir berre mindre og mindre og posa med skittentøy har begynt å bevege seg ut av badet og står no stabla rundtom i leiligheita. Det er stor rasfare, så vi beveger oss minst mogleg og må verne oss når vi MÅ ta oss ein dusj. Oppvasken har vokst ganske kraftig den òg, noko eg synest er ganske merkeleg- vi har jo nesten ikkje ete! Men men, no er oppvasken SVÆR, det è eit faktum. Og EG er den heldige som skal få lov til å ta den. No har eg kvidd meg og prøvd å psyke meg opp sidan i går, men får aldri det siste kicket..Eg tenke ofte at ' jepp, no skjer det, no skal eg ta den og bli ferdig med det! ' Og så røyse eg meg opp fra sofaen, går dei få metera ut på kjøkkenet, stoppa opp litt, ser nøye på alt so ligg der. Sekundar etter sit eg i sofaen att. Kva skjer? Kva kan eg gjere?

Eg ser også at eg burde kasta det som ein gong var ein fin blomsterbukett, har sett på den i nokre dagar no. Det ligg vel meir på golvet enn det som heng att på stilkane. Stakkars blomst- for ein uverdig død! Skal nok kaste den snart, berre ta oppvasken først..

Må vel lage litt mat òg, føle at eg må ete meg litt opp no, har jo ingen energi. Blir andpusten av å bevege meg i meir enn 30 sek rundtom i leiligheita..Men for å lage mat må eg ta oppvasken og for å ta oppvasken må eg bli ferdig å skrive..OKEI, skal ta det no. No tek eg meg saman, tek meg ein rolig tur ut på kjøkkenet, pustar rolig før eg tek HEILE driten. So kan eg lage mat, "blomstrane" tek eg ein an dag for eg è faktisk sjuk fotsatt!

2 kommentarer:

Monica sa...

Slikt skjer eigentleg ganske ofte. Ein har tenkt at ein skal gjere noko, men så skjer det brått noko anna eller ein berre gløymer det sjølv om ein var begynt å tappe eksempelvis oppvaskvatn. God betring :D

jeanette_s sa...

No må du blli frisk so vi kan leike!!! ka me i helga? ska vi fare ut å kline??? jaffal meg...