mandag, mai 09, 2011

Einstein
Søtaste nosane mine



Likar ikkje å vente i kø..
...men resultatet vart bra, så da er guten glad igjen :)
Dette biletet seier alt
Vaske kosen er sikkert lurt, lite tenkte ho på krisa som skulle inntreffe minuttar seinare, då senga venta. Det blei med ein våt kos
Var visst ikkje heilt ferdig å bade, som mammaen trudde.
Klar for senga.

onsdag, mai 04, 2011

Eksamenslesing er ut. Eksem er eit paraplynavn for ei rekke ulike eksemtyper, der eksamen er ein av dei. Denne eksemtypen set seg i ryggen, da helst i korsryggen og slår deg heilt ut. Du må rekne med å gå som ei gammel dame, og ha store problemer med å røyse deg fra seng/sofa/stol og div. andre stader. Har du barn må du skaffe hjelp for å få dei heim fra barnehage, du klarar ikkje å ta hand om dei aleine. Hold fast i håpet og trua om at du ein dag blir i stand til å bøye deg, og bevege deg rundt utan problem. God bedring!

mandag, april 25, 2011

Da var påskeferien over, og det kjennest heilt feil! Det har vert alt fra eit fantastisk fint bryllup i London, der Maria og Charlie blei mann og kone, til fine sommardagar i sogn. Det har vore gardsjobbing og fisking, seine kveldar ute rundt bålet og familiemiddag. Ungane har kledd av seg og testa ut bare tær på nytt gras, og trea har blitt grøne. Snop og alkohol har gått inn, morosame kommentarar og fakter har utbredt seg. Saknar allerede det late, deilige sognelivet- ser fram til sommarferie!

Kvardagen er ikkje ok akkurat no.

onsdag, april 20, 2011

Sit her i hjørnet av den blå skinnsofaen i Ortnevik. Har teke ein pause fra "La meg synge deg stille sanger" av Linda Olsson, for å ta meg eit glas med gin, og for å tenkje på dei bøkene eg har lese- dei som har satt spor. Kjem på fleire gode bøker, men den boka eg las som 14- åring; "Det mørke lyset" av Mette Newth er nok ein av dei som har satt mest spor.

"Tora er 13 år og kommer fra en liten vestlandsbygd. Sykdommen hennes blir oppdaget og hun blir fraktet til et hospital i Bergen. Der blir stuet bort, isolert fra pasienter med andre sykdommer og det er hennes historie som fortelles. Tora vokser til og blir et svært vakkert menneske innvendig, mens sykdommen ødelegger kroppen hennes"
(http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_ostlandssendingen/sendinger_nrk_ostlandssendingen/lang_lunsj/1771410.html).

Det er ca eit halvt liv sidan eg las denne boka, og enda tenkjer eg på den. Det skulle ha vore skrevet fleire slike historiebøker for ungdomen, då hadde kanskje til og med eg vert ein ivrig elev i historietimen.