søndag, april 25, 2010

Eg er Sara Kotsasi Mun,
eg er mor til to.
Eg er i permisjon,
eg ventar på vår.
Eg gler meg til fest med gode vener,
eg gler meg til å ligge under dyna.
Eg skal snart vaske hus,
ikkje i dag, men i morgon.
Eg likar god mat,
eg skal begynne å trene te veka.
Eg har drukke vin,
eg skal legge meg no !

onsdag, april 21, 2010

Eg kjem inn i stova etter å ha skifta årets bæsjebleie på Tuva. Tobias møter meg med eit smil, "fin?"
Eg tar meg saman, "kjempefin Tobias"
Han var ikkje like fornøyd da han fant ut at det ikkje kunne vaskast vekk, og sidan mor ikkje er eigar av lakkfjerner har guten starta ny mote i barnehagen i dag. Er spent på kor kult det egentlig blir.

søndag, april 18, 2010

Bli med å synge kanon!
Jeg har fanget meg en mygg,
smeltet fettet fra den.
Tønnen den er stor og tykk,
fylt med fettet fra den.
Sy meg fluks et støvlepar,
du kan godt begynne.
Om jeg ingen penger har ,
får du fett i tønne ;)

Det er midt i april og etter ein skikkelig vinter på mange år har vi hatt nokre fine dagar, og veker med vårsol som har varma kroppane våre. Sola har vore her og minna oss på at no nermar sommaren seg.
Deilig!
Men så vaknar vi opp til snø- igjen.
Eg klaga aldri over snøen som var, synst det var deilig og litt morro. Nordlendingen i meg fryda seg over at vinteren endelig var som den skulle. Snøen som kjem no er derimot ikkje like velkomen, det er da tross alt nokre av grunnane til at ein ikkje flyttar nordover igjen, og det er lange somrar og ein vår som startar i mars. Nei, no får våren komme og den skal ikkje stoppast av vulkanskyer. Kanskje er det er det neste, ingen somar på grunn av vulkanaske som skuggar for sola.
Ei ny istid here you come.
Mens det i skrivande stund snør sidelengs ute vel eg å lukte på denne:

fredag, april 16, 2010

Sit og lurer på kva eg skal skrive på bloggen, synst liksom at det er på tide å bli litt meir aktiv igjen, men det er vanskeleg. Mens eg sit her og lurer ser eg gjennom bileter for å finne inspirasjon. Det er uante mengder med bilete, men dette fikk meg til å stoppe. Eg må le. Sånn er kvardagen her, Tobias tullar på med Tuva, her med ein sokk på handa. Akk, så fornøyd han er, mens lille Tuva stakkars, synst ikkje dette var gøy. Ho ser på mamma med eit bedande blikk- HJELP MEG, ropar ho i det stille, lille sinn.